Stine før finalen: – Eg gleder meg!

- På ein måte har eg allereie kome til topps. Difor kjenner eg mindre på presset no enn i forrige veke, seier Stine Hole Ulla.

I kveld kan 17-åringen vinne Norske Talenter på TV2. Premien er 500 000 kroner.

Sjå kva Stine sa til TV2 rett etter semfinalen. (Foto: TV2)

Den siste veka har mellom anna gått med til finaleintervju, songval og innspeling av ein prolog ved Nationaltheatret. I går var ho gjest i programmet Ettermiddagen, fredag tok ho del i God Morgen Norge og i kveld ser vi henne i Senkveld på TV2.

- Showbiz er gøy. Eg føler meg trygg med så mange flinke folk rundt meg, og er nervøs på ein anna måte enn sist veke. No gleder eg meg mest til å synge og til heile opplevinga, seier Stine.

Ho vil ikkje røpe kva songar vi får høyre i kveld. Vala har ho gjort saman med fleire, mellom andre musikkprodusentar som ønskjer eit best muleg TV-show.

Show kan det også bli på Sykkylven kulturhus, der finalen blir vist på storskjerm klokka 19. Stine seier ho er overraska over all merksemda og rørt fordi så mange bryr seg. På Facebook blir ho heia fram av tusenvis.

- Kva hender laurdag?

- Laurdag er det kvardag. Eg er klar over at det kan bli litt tomt. No lever eg i ei draumeverd og eg er litt trist for at det heile snart er over.

- Kva om du vinn?

- Eg tar det på sparket. Det har eg gjort heile tida, seier Stine Hole Ulla, som blir att i Oslo nokre dagar dersom ho går av med sigeren i kveld.

Brabygd.no har følgt Stine på vegen til finalen. Les også:

Stine med finalebillett!

Norske Talenter: – Aldri vore høgare nivå

Stine til semifinalen i Norske Talenter.

Norske Talenter: Heia Stine!

Fredag: Stine syng Time To Say Goodbye

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.