Stine Hole Ulla frå Sykkylven er heile Norge sitt nye talent.
Stine og hennar store heiagjeng kan fredag kveld sleppe jubelen laus!
- Eg er veldig glad og set stor pris på alt saman, sa ei lykkeleg Stine. Frå første klokkeklare tone, og med Sykkylvsfjella i bakgrunnen, imponerte ho nok ein gong.
Avstemminga var nervepirrande, syntest ho.
Mia Gundersen gav si stemme til Stine og sa: Du er ei stjerne. Eg ser kva for ei lysande framtid du har. Ikkje berre syng du vakkert, men du er vakker!
Alex Rosen var einig:
- Det er vakkert. Nydeleg, sa han. Også meddomar Adil Khan blei imponert: Du kan gå inn på operaen. Perfekt!
Før finalen sa Stine til brabygd.no at ho var glad, spent og takknemleg for å ta del i konkurransen. På spørsmål om vegen vidare svarte ho:
- Eg tar det som det kjem. Det har eg gjort heile tida.
Premien er 500 000 kroner.
Vi gratulerer Stine med sigeren i Norske Talenter 2012!
Margrethe Velle Ødegård
7. desember 2012
Det er så tvers igjennom talentfullt og naturleg vakkert. Stine går rett i hjartet på tilhøyrarane. Måten ho kommuniserer med kamera på, gjer at vi TV sjåarane føler ho ser oss, ho veit liksom at vi er der. Heilt fantastisk, og jenta er berre 17 år! Ein engel i sinn og skinn. Eg gler meg til fortsettelsen!
Hanne
8. desember 2012