Bygda i bilde: den blå timen

Med lykt, stativ og kamera fangar Rolf Ståle Barstad stemninga i vintermørket.

Vi har spurd hobbyfotografen om han vil dele nokre av bilda frå desember og januar. Dei neste tre dagane ser vi Sykkylven i fargane blått, raudt og lilla.

Rolf Ståle Barstad og Lars Arild Rokseth er turkameratar med felles fotointeresse. (Foto: privat)

I dag: Fotoserie 1 – blå

Alle foto: Rolf Ståle Barstad

Frå Gjerdekollen mot sentrum. 8.12.12.

Sidan hausten 2011 har Rolf Ståle gått fjellturar med hovudlykt og kamera.

- Alle årstider har sin sjarm. I snø og måneskin kan eg nesten gå utan lys. Å ta bilder om kvelden og natta er tidkrevjande. Eg må tåle å fryse litt. Sekken blir tyngre med ekstra klede og stativ. Instillingane på kameraet gjer at det må stå stille over lang tid, forklarer han.

På veg mot Gimsdalstind like før jul, 20.12.12. Fantastisk kveld med måneskin. Vindstille og fin temperatur. Viktig for gode nattfoto som tar litt tid. Irene Mork i bildet.

Til dagleg arbeider Rolf Ståle på Ekornes. Draumen er ein jobb der han kan kombinere interessa for fjell og foto. Ein lidenskap han deler med turkameratane Lars Arild Rokseth og Birger Sørensen.

- Turane vi går i lag blir veldokumenterte, for å seie det slik. Det er kjekt å sjå tilbake på opplevingane saman med andre som set pris på foto.

Det var gjennom Lars Arild at Rolf Ståle for eit år sidan kom i kontakt med fotograf Arild Solberg.

- Han gav oss nokre foto-oppdrag. Slik måtte vi lære å bruke manuelle instillingar på kameraet. Før det hadde eg ikkje peiling på foto. Ikkje las eg bruksanvisninga heller. Er det noko eg lurer på, så svarer Arild alltid, seier Rolf Ståle.

Frå Gjerdekollen mot Straumgjerde. Straumshornet og Dravlausegga midt i bildet.

No håper han å inspirere fleire til å ta med kamera på tur.

- Kanskje nokon får turtips? Det er kjekt å vise bygda frå ulike vinklar. Her er litt for ein kvar smak. Fjellhugboka er super i så måte. Eg har hatt mykje glede av den. No står det berre att eit par turar i boka.

- Vi er heldige som har denne naturen rett utanfor stuedøra vår, seier Rolf Ståle Barstad.

Frå Gimsdalen mot Skopphornet, Hundatinden i midten og Synnavindsnipa til venstre. Hovudlykta til Irene Mork.

Frå Gimsdalen mot Langfjella. Spesielt fint og klart denne kvelden.

Oppe på Gimsdalstinden. Hammersettinden midt i bildet. Vi kan så vidt skimte toppen av Slogen litt til høgre i bildet.

Like under Flathornet, utsikt mot sentrum.

Ved enden av vatnet på Vassætra. Sandvikhornet rett fram.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.