Kåseri: Mobil på bussen

Vil ein høyre kva folk er opptekne av, er det berre å ta ein busstur og høyre kva dei reisande fortel om i mobiltelefonane sine. Dei skravlar om laust og fast. Det gjer også Liv Randi Bjørlykke i kåseriet «Mobil på bussen».

Det er Matilde Grebstad som har laga teikningane i boka «Mobil på bussen».

Les også: «På jakt etter roa»

Liv Randi Bjørlykke har gitt ut fire kåseribøker: «Årbok frå folkedjupet», «Meir frå folkedjupet» og «Ei ku i Valdres». I 2010 oppretta forfattaren Bjørlykke Forlag, der ho har gitt ut boka «Osvikboka», som fortel historia til ein gard på indre Sunnmøre.

Mobil på bussen

Vi sit på bussen til Ålesund ein stille regntung morgon. Ein gjeng heilt vanlege folk, nokre ukjende, andre halvkjende. Vi sit i våre eigne tankar og halvsøv. Alt er normalt.

Plutseleg byrjar ei dame bak i bussen å prate høgt. Ho sit med mobiltelefon, og då snakkar folk ofte med høg stemme.

- Ja, hallo! Eg sit på bussen. No er vi snart på Aursneset. Kor er det med deg då, mamma? Nei, er det sant? He´kje han pappa hatt avføring, seier du?

Brått er heile bussen med. Det breier seg ei stor medkjensle med denne mannen som ikkje har hatt avføring og går der med treg mage.

- Du, no køyrer vi om bord i ferja, du. Eg skal ringe deg oppatt, mamma. Ha det!

- Pip, pip, pip. Der pip det igjen. No er det mobilen til ei ung blondine. Ho snakkar høgt og freidig:

- Hei, Mari! Nei, he du slått opp med ´nå Kristian? Kaffor det? E´ du lesbisk eller nåkke? Du er kul som tør og gjer det.

No er heile bussen med. Den kule snakkar høgt og informerer oss vidare. Snart veit vi kven den lesbiske er. Vi veit også at blondina skal på hyttetur i helga. Ho kjenner ein fyr som heiter Anders, og han har ei hytte på fjellet. Råkjekk kar med den bilen!

Vi veit alt om Anders når ferjeturen er over, kven han kysser og kvar han kysser. Det er utruleg interessant.

Snart durar bussen vidare mot byen. Dama som har ein far med treg mage, sit i ein lang telefonsamtale med systera si. Spørsmålet er om dei skal ringe lege og kven som skal ringe legen.

- Ja, men  du veit at ho mamma ikkje får gjort noko i huset når han pappa berre sit på do og masar. Det er du som må ringe legekontoret, for eg er på veg til byen! Er eg ei tullhøne? Det er eg søren ikkje. Ha det!

Heile bussen er letta når tullhøna legg frå seg mobilen. Alle har andre tankar i hovudet. Nokre skal på sjukehuset. Ein stor bag tyder på at nokon skal inn til operasjon.

Ein mann blar i nokre dokument. Også han sit i mobiltelefon. Snart  høyrer vi ordet momssvindel. Ikkje det at han svindlar sjølv, men der er ein mann i bygda som vi får høyre både etternamn og fornamn på, som tydelegvis har sine svin på skogen.

- Ja, du. Det er 10.000 her og 10.000 der, seier mannen.

Så kjekt å få vite slikt av sikre kjelder, tenkjer vi andre. Desse mobilane er eit store framsteg for oss nyfikne.

Så vert det stille ei lang stund i bussen. Alle kan slappe av i sine eigne tankar. Plutseleg pip det igjen:

- Å, hallo! læt det når vi nærmar oss byen. Nei, seier du det? Er han pappa ferdig på do, no? Å, takk og lov! Bra du ringde, mamma. Kva skal vi ha til middag, forresten? Skal eg kjøpe nokre bakarvarer i byen?

Det kimar bak oss igjen. No er det blondina som snakkar.

- Hei, Mari! E ´kje du lesbisk, nei? Du berre tulla. Fy søren, Mari! E du med på hytteturen, då? Men nåde deg om du legg an på ´nå Anders! No pip det her. Ha det, ha det!

P.S. Takk for turen, alle de som var med til byen 30. mai. Alle de som gjekk av på Moa, fekk ikkje høyre korleis det gjekk med den harde magen. Difor skriv eg dette. D.S.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.