Nyttårskonserten til Oslo-Filharmonien går direkte på NRK P2 onsdag 9. januar klokka 19.30. Hilde Louise Asbjørnsen er konferansier og Rune Bergmann dirigent.

Nyttårskonsert: Dirigent Rune Bergmann, fiolinist
Charlie Siem og konferansier Hilde Louise Asbjørnsen.
Hilde og Rune er begge frå Sykkylven. Dei er like gamle og til og med i slekt.
- Det er veldig kjekt å arbeide saman. Og ganske tilfeldig at vi begge blei spurd om å vere med, seier Rune til brabygd.no.
Han fortel at dei i ungdomsåra tok del i nyttårskonsertane i Sykkylven. Rune rosar den lokale tradisjonen og musikklivet i heimbygda:
- Det er morosamt at det skjer så mykje bra! There is something about Sykkylven, ler han.
Solist under nyttårskonserten er den britisk-norske fiolinisten Charlie Siem. Rune fortel at også Siem har anar frå Sunnmøre. Fiolinisten er ein av dei mest populære klassiske artistane i Storbritannia om dagen.
På programmet til Oslo-Filharmonien står:
Berlioz Romersk karneval, ouverture
Vieuxtemps Fiolinkonsert nr. 5
Grieg Symfonisk dans nr. 4
Bull Cantabile doloroso e Rondo giocoso
Bizet Orkesterutdrag frå Carmen