Skaparglede: ny møteplass og rådgjevar

Gjennom «Kafé Skaparglede» skal ferske gründerar løfte kvarandre opp og fram.

Harald Espeland. (Foto: Espen Istad)

-Vi ønskjer å kople gründerar saman på ulike møtestadar, seier Harald Espeland, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling.

Det siste året har Harald gitt råd til nyetablerarar i Sykkylven. Han ser at mange har dei same behova i oppstarten. Fleirtalet er ressurssterke med stort pågangsmot, og kan dra nytte av kvarandre. Då er det gull verdt å ha eit inspirerande nettverk rundt seg. Likeins å dele erfaringar og få fagleg påfyll.

Konseptet rundt «Kafé Skaparglede», med både stad og innhald, er i startgropa. Sykkylven Næringsutvikling tek i mot innspel til gode løysingar. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å bygge eit enda større og meir solid miljø for næringsutvikling.

Ny hoppid-kontakt

Denne veka tok Lars Olav Holmøy til i jobben som ny hoppid-kontakt. Han har fersk gründererfaring frå verksemda Steep, som utvilar og sel skihanskar. Våren 2013 vil han bli sertifisert etablererveileiar.

Lars Olav Holmøy (Foto: Hanne Suorza)

Hoppid-kontoret i Sykkylven blei opna 12. september 2011, som eit samarbeid mellom Sykkylven Næringsutvikling AS, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet er å gi nyetablerarar eit godt tilbod om rådgjeving, kurs og støtte.

- Det er stor interesse for tilbodet. Eit 20-tals gründerar i Sykkylven har vore innom det siste året. Vi håper det er ein tendens. I ein skapande kommune som Sykkylven er det positivt at mange vurderer å starte eit foretak. Det er nok fleire no enn tidlegare, trur Harald Espeland.

I løpet av det siste året har det i Sykkylven vore arrangert kurs i mellom anna forretningsplanlegging, «skal – skal ikkje» og posisjonering i marknaden. Kursplan for 2013 er klar i neste veke.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.