- Det blir klassisk, jazz og musikk frå dei tradisjonsrike nyttårskonsertane i Wien, seier musikkleiar Åge Frøystad.
Søndag er det nyttårskonsert i Sykkylven kyrkje for 13. gong.
Åge Frøystad informerer:
- Musikkrådet er denne veka i gang med seminar- og nyttårskonsert. Arrangementet har tre mål: Å vere ei inspirasjonshelg for aktive musikarar i bygda. Gjennom seminaret ønskjer vi også å inspirere enda fleire til å delta. Det andre målet er å trekke fram flotte solistar frå eigne rekker. Det tredje målet med nyttårsprosjektet er å gi publikum ein knallstart på det nye året med ein festkonsert av dei sjeldne.
- Jon Terje Svendsen er invitert som musialsk leiar for hovudkorpset. Han har lang erfaring med både symfoniorkester og korps. I hovudkorpset spelar alle som er i ungdomskulealder og eldre.
- Juniorkorpset får på nytt besøk av klarinettisten Erlend Eide. Han førebur ei flott konsertavdeling for juniorane, saman med Carlos Alberici som slagverk-instruktør.
- Erlend Eide vil også framføre jazzballaden «Blue Walz» saman med Åge Lade på piano.
- Vidar Hovden vil spele panfløyte, mellom anna Pie Jesu i duett med Ingrid Kurseth på fløyte og Rose Iren Stave på orgel.
- Emma Olin Hunhammer Eikrem gjekk i 2012 vidare frå UKM i Sykkylven til fylkesmønstring i Ålesund. Ho vil framføre Maria Arredondo sin song «Himmel på Jord» saman med korpset.
- Nyttårskonserten 2013 skil seg frå tidlegare år ved at vi ikkje arrangerer korseminar. Vi har i staden invitert vokalgruppaa Halv8, der Sykkylvingane Halstein Vemøy og Eivind Busengdal er med. Halv8 framfører mellom anna songar frå The Real Group, Swingle Singers og Stevie Wonder.