Svøm langt i Velledalen

Lars Inge Sæther, styreleiar i Velledalen symjehall, har sendt oss denne teksten:

Kampanjen «Svøm langt», i regi av Norges Svømmeforbund, har kvart år omlag 25.000 deltakarar rundt om i landet.

I år er arrangementet i perioden 1. januar til 31. mars.

Alle vaksne som svøm 10.000 meter (funksjonshemma 5000 meter) og born som svøm 2500 meter (funksjonshemma 1500 meter) er med i trekninga av ein tur til Kreta, og eit hotellopphald i Norge.

Dei yngste får diplom etter 2500 meter i bassenget.

Registreringskort får du av beteninga i Velledalen symjehall.

Velledalen symjehall. (Foto: Lars Inge Sæther)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.