Nytt treningstilbod for spreke mødre

Ved hjelp av bakkar og benkar er ti damer i gang med å finne forma. Med på treninga er baby og vogn.

GryBakke_web

Gry Bakke er spretten, sprek og mor til tre. (Foto: Hanne Suorza)

- Mamma OUT er perfekt for dei som vil trene på dagtid og dermed sleppe barnepass, seier initiativtakar Gry Bakke.

Med tre born under fem år veit ho at det kan vere utfordrande å finne tid til trening.

- Då eg var gravid sakna eg eit slikt tilbod. Eg var med på ei økt med MiniBootCamp på Moa og synest det var artig og effektivt. Så då var det berre å starte opp i Sykkylven sjølv!

Gry tok kontakt med treningsenteret Stamina HOT og fekk klarsignal til å setje i gang. I formiddag er ti damer samla ved Storhallen. Det er plass til fleire.

- Det er supert at så mange er interesserte i å vere med, og eg håper det kan inspirere både gravide, mødre og andre til å vere aktive. Å vere gravid og ha små born er inga unnskyldning for ikkje å halde seg i form. Desto viktigare, meiner Gry.

MammaOUT

Plaskregn stoppa ingen frå å gi alt under dagens styrketrening på grusbana. (Foto: Hanne Suorza)

Treningsopplegget er inspirert av Bootcamp, som har si opprinning i militær trening. Det er mest fokus på styrke og stabiliserande muskulatur i mage og rygg. Både bakkar, trapper, benkar, eiga kroppsvekt og vogn blir teke i bruk. Om vinteren er det greit å ha broddar, gode hanskar og eit sitteunderlag. I sommarhalvåret kan også bornet få ei rolle i styrketreninga.

- Intensiteten er opp til den enkelte. Øvingane har ulike nivå og det er lov å ta pause. Poenget er å bygge opp både styrke og uthald i løpet av ti veker. Men det skal heller ikkje vere for lett. For få effekt av treninga må du kjenne det. Det skal svi og du må pushe deg sjølv, seier Gry.

Sjølv har ho alltid vore aktiv og interessert i idrett.  Så då ho skulle velge utdanning var grunnfag i idrett ein naturleg start. Deretter tok ho ein bachelor i Fysisk aktivitet og helse ved Norges Idrettshøgskole, før turen gjekk til Australia der ho utdanna seg til klinisk ærneringsfysiolog. Å vere aktiv under graviditetane har vore viktig. Sist trente ho bodypump berre nokre dagar før jenta Lily kom til verda. Fem veker seinare var ho tilbake i treningsalen utan problem.

- Graviditet og fødsel er ei stor påkjenning for kroppen. Denne treningsforma kan forebygge smerter, auke energinivået og bidra til vektnedgang. I følge generelle anbefalingar kan dei fleste byrje å trene seks veker etter fødsel.

- Å trene gir meg nødvendig energi til å ta meg av mann, barn og hus, seier Gry Bakke.

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.