Vil bygge inkubator for møbeldesign i Sykkylven

Gjennom prosjektet «Design-create-live» skal unge designarar frå inn- og utland få ein kickstart i møbelbransjen.

Det er nemleg ungdom og møbelindustrien som er satsingsområde når Sykkylven Næringsutvikling søker om 2,1 millionar kroner i bulyst-midlar.

Planen er å utvikle området ved Berlihuset på Klokkarhaugen. I ein inkubator i og rundt det gamle, ærverdige huset skal nye idear få blomstre. Går alt som skissert, vil ferske designarar få tilbod om å bu i møbelbygda i eitt til tre år for å skape gode produkt. Næringslivet vil by på spisskompetanse og produksjonsutstyr. Målet er at fleire vil busetje seg i Sykkylven på sikt. Slik kan viktig rekruttering til bransjen bli sikra. Og norsk design og møbelindustri styrka.

Berlihuset: Det var grosserar Børre Berli i Ålesund som bygde huset, truleg i 1896. Han hadde det til feriebustad. I 1996 fekk eigar Svein Asbjørnsen tildelt Godt vern-prisen, for måten arkitektoniske og antikvariske verdiar er teke vare på. I grunngjevinga står det at Berlihuset representerer ein tradisjon med lystgardar for velståande byborgarar, truleg eitt av dei få døma på slike her på Sunnmøre. (Foto: Hanne Suorza)

Det var grosserar Børre Berli i Ålesund som bygde Berlihuset, truleg i 1896. I dag har eigar og møbeldesignar Svein Asbjørnsen kontor i huset. Kanskje vil han snart få selskap av fleire med stor skaparglede? (Foto: Hanne Suorza)

Dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Harald Espeland, seier at dette er eit viktig, men krevjande prosjekt.

- Difor treng vi ressursar til vidare planlegging av inkubatoren. Dersom vi får positivt svar på bulystsøknaden, er vi eit skritt vidare. Målet er å skape eit yrande designmiljø der dei neste internasjonale møbelsuksessane blir utvikla, seier han.

Så langt ser det lovande ut. Møre og Romsdal fylkeskommune har teke i mot søknadar om bulyst-midlar frå 11 kommunar, og gitt Sykkylven topp prioritet. No er det opp til Kommunal- og regionaldepartementet å avgjere om Sykkylven får tilskotet som må til for å setje i gang. Svaret kjem i juni.

espeland_web

Harald Espeland har stått i spissen for ei omfattande strategivurdering, som ligg til grunn for planane på Klokkarhaugen. (Foto: Hanne Suorza)

 Nasjonalt samarbeid

Inkubatoren vil bli eit samarbeid med inspirasjons- og kompetansesenteret for norsk møbelindustri, som er under etablering i bygda. Kunsthøgskulane i Oslo og Bergen, Norsk Industri, Sykkylven kommune, Norsk Designråd, Møre og Romsdal fylkeskommune, sapDesign/PU Fabrikken, Kunnskapsparken i Ålesund og Sykkylven Industri- og næringslag er blant aktørane som vil bli invitert med i den vidare planlegginga.

Signala som blir gitt tydar på at unge designarar vil ha stor fordel av å få tilgang til prototypeverkstad, utstillingsarena og undervisningsrom. I Sykkylven vil dei kunne dra nytte av eit sterkt fagmiljø innan produktutvikling, både når det gjeld trebearbeiding, stål/metallkonstruksjonar, skumplast, søm og produksjonteknisk kompetanse. Gjennom hoppid-kontoret vil det bli gitt rådgiving og kanskje etablerarstøtte i samarbeid med Innovasjon Norge. Sykkylven vidaregåande skule, som allereie har Vg2 Interiør og utstillingsdesign, kan få nye tilbod retta mot satsinga. Ein ny serveringstad i Berlihuset vil ha ope for folk flest.

Villa frå 1800-talet

På Berliområdet kan det bli bygt leilegheiter til inkubatoren. Ein eigen forretningmodell vil bli utarbeida for butilbodet. Når leilegheitene står ubrukte, for eksempel i feriar, er tanken å leige dei ut til reiselivsformål og forretningsreisande. Fordi Berlihuset er eit særprega hus, var fylkeskonservator Bjørn Ringstad i mai 2012 på synfaring og gjorde ei vernefagleg vurdering. I eit brev til eigaren, Svein Asbjørnsen i sapDesign, skriv han at han er positiv til utvikling dersom den er med å sikre Berlihuset og Klokkarhaugen som kulturminne for framtida. Nye innslag i parken vil også gjere området attraktivt for folk i bygda. Samtidig peikar Ringstad på at det er viktig at nye bygningar blir enkle og i ein annan stil. Berlihuset skal vere kongen på haugen.

berlihuset3_web

I 1996 blei Svein Asbjørnsen tildelt Godt vern-prisen, for måten dei arkitektoniske og antikvariske verdiane har blitt teke vare på. Kulturminna vil bli bevart i ei eventuell utbygging av området. (Foto: Hanne Suorza)

 Skaparglede

«Design-create-live» er ein del av prosjekt Skaparglede, som i 2011 fekk innvilga bulyst-midlar til eit forprosjekt. 200.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune og 200.000 kroner frå departementet har dei to siste åra gått til pilotprosjekt, kreative prosessar og strategiarbeid. Det har gitt eit nødvendig grunnlag for ei spissa satsing.

- Med 14 milliardar kroner i omsetnad er møbelindustrien ei stor næring i Norge. Halvparten av produksjonen skjer på Sunnmøre, og det aller meste av dette i Sykkylven. Difor kan og bør vi setje i verk tiltak for denne bransjen nettopp her, seier Espeland.

Han peikar på at Norge produserer svært få internasjonale merkevarer innan møbel, samanlikna med andre forbrukarvarer. Eit spisskompetansjemiljø finnast ikkje, verken i Norge eller andre stadar.

- Dersom Sykkylven saman med den norske møbelindustrien greier å fylle dette tomrommet, er mulegheitene for bransjen mange. Det vil også ha svært mykje å seie for bulysta i Sykkylven. Både for dei som allereie bur her, men ikkje minst for den kompetansen som bedriftene treng å få fatt i.

Vidare plan

Søknaden om bulyst-midlar til prosjekt Skaparglede inneheld også ei vidareutvikling av nettstaden skaparglede.no. Der skal innbyggarane finne informasjon om både næringsliv, fritidstilbod og turløyper. Dette er spesielt retta inn mot dei mange tilflyttarane i kommunen. Prosjekt Skaparglede er kostnadsrekna til 4,1 millionar kroner. Neste steg blir å tilsetje ein prosjektleiar. Kommunal- og regionaldepartementet har i 2013 lyst ut inntil 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst i distriktskommunar.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.