Torild Inger Børretzen på Galleri Elvetun

Kunstnaren frå Etne i Sunnhordaland blir til stades under opninga torsdag 23. mai, klokka 19.

kunst1

Kunstnaren Torild Inger Børretzen har måleri i akryl og akvarell som hovudfelt.

Torild Inger Børretzen har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Mellom anna har ho laga kunst til Hurtigruta og til Håkonsvern i Bergen. Ved Galleri Elvetun stiller ho ut akvarellar med tema frå livet ved kysten.

passion-slweb

Dei siste åra har Børretzen stilt ut bilder både i Italia, Spania, Belgia og Frankrike.

Leiar i Sykkylven kunstlag, Charlotte Tynes, ser fram til utstillinga, som vil stå til og med søndag.

- Det blir ei delikat og flott utstilling med mykje godt å kvile augene på, seier ho.

Charlotte fortel at Sykkylven Kunstlag gjerne vil framme all flott kunst og musikk i Sykkylven. I kveld vil Marte Hjelle og Emil Dyp underhalde. Charlotte trur dei vil lage ei fin ramme rundt opninga.

Kissing-Haddocks-slweb

«Kissing haddocks»

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Charlotte har sendt oss denne teksten om utstillinga:

Torild Inger Børretzen

«Ein Kunstnar har mulegheit til å skapa eit eige univers av farge lys og skugge. Utan at me opnar dette universet for deg og slepp deg inn i det, er arbeidet vårt bortkasta. Utan dine auger og dine følelsar, er vårt arbeid verdlaust. Difor lagar me utstillingar. Ja, og så er me glad for at nokon vil eiga det me har skapt.»

Med desse orda inviterer Torild Inger Børretzen til utstilling på Galleri Elvatun 23. – 26. mai. Utstillinga er i regi Sykkylven Kunstlag. Torild har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Eit av dei gjævaste er då ho fekk laga 15 måleri til Hurtigruta ”Finnmarken”. Elles har ho også levert utsmykking til Televerket i Ølen, til Håkonsvern i Bergen, til Valen Sjukehus, Knappen sjukeheim og til Skandinavian Electric i Bergen. Hennar kunstnarlege univers som ho no vil opna for deg, er denne gangen utført i akvarell.

Slik beskriv kunstnaren teknikken som vert nytta: «Akvarell er eit finstemt medium som eg har brukt sidan eg var student. Kvart verk blir unikt. Det er umulig å kopiera ein akvarell. Papir, vatn og farge vil alltid gå sine eigne vegar. Dette vil ein av erfaring, læra å temja og utnytta, ein kan gjenta motivet, men kopi blir det ikkje. Har du ein akvarell, så har du ein original. Kva som avgjer om det er ein verdfull original, kjem an på mange forskjellige faktorar. Ein verkeleg driven akvarell er ikkje så enkel å lage, som det kan sjå ut for. Skapar, ide, papir, vatn og farge skal arbeide saman på bestemt måte: Teknikken skal understreka ein ide og ha noko å bety for den som ser, ikkje berre i dag, men langt inn i framtida. Det er målet: Å laga kunst som talar til det allmenneskelege. Det handlar om vår ytre og indre natur.»

Temaet i denne utstillinga spinn mykje rundt vår kystkultur: Nostalgi rundt båten og landskapet. Symbolikk omkring våre kjensler uttrykt med motiv av stokkfisk og saueskallar.

Kunstnaren vert til stades på opninga og Marte Hjelle og Emil Dyb krydrar med musikalsk innslag. Vervekampanjen til Sykkylven Kunstlag held fram og det vert trekning blant alle nye og eksisterande medlem søndag. Kunst til trekninga er denne gongen av Ladja Harokova. Sykkylven Kunstlag og Torild Inger Børretzen ynskjer alle velkomne til ei spanande kunstoppleving på Galleri Elvatun!

Med venleg helsing, Charlotte Tynes, leiar i Sykkylven Kunstlag.

Skull-with-horn-web

«Skull with horn»

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.