Fotballfestival for heile familien

- Hundeidvik fotballfestival blir fullstappa med aktivitetar. Ein dag både for spelarar, søsken og foreldre, seier Ronny Utgård.

900 fotballspelarar i alderen 7-10 år er påmeldt til turneringa laurdag, 25. mai. Arrangementet er det nest største i Sykkylven. Berre Sykkylvsdagane er større.

(Foto: Ronny Utgård)

På programmet står rappellering, ATV-køyring, hesteridning, hoppeslott, gullgravarleir, barnas bondegard, gråtass, leikepark og bading. Aktivitetane er gratis for alle. Festivalområdet vil vere bilfritt.

- Kva er bakgrunnen til festivalen?

- Etter å ha reist rundt på fotballturneringar med barna våre, såg vi at vi kunne gjere noko meir ut av eit slikt arrangement. Alle stadar var det viktigast å få mest muleg folk på plass, slik at mange ville bruke pengar. Samtidig var ventetidene lange mellom kvar kamp.

- Vi ønskte difor å lage eit positivt arrangement for heile familien. Ved å tilby mange typar opplevingar treng heller ikkje søsken å stå passive på sidelinja, seier Ronny Utgård.

100 lag vil spele kampar frå klokka 9-19.

Det er Hundeidvik IL som arrangerar. Folk frå bygda i alle aldrar stiller på som frivillige.

Festivalen blir arrangert for sjette gang. Rekordåret var i 2011, med 106 lag. Planane for neste år er allereie i gang.

- Desse vil nok skape litt ekstra kribling i magen for dei som tar utfordringa. Meir enn det kan vi ikkje avsløre før neste år, seier Ronny Utgård.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.