Arena Skaparglede: Bli med Furniture Guiding på tur i møbelbygda

- Vi har mykje å lære om det mangfaldige næringslivet i Sykkylven, seier Siv Berit Rogne Våtmyr. 

Ho er dagleg leiar i reiselivsatsinga Furniture Guiding. Oftast er det turistar som er med på omvising ved bedriftene i bygda.

Fredag 31. mai kan alle som har anledning bli med.

siv2_web

Siv Berit Rogne Våtmyr i Furniture Guiding tar oss med til Ekornes, Cylindra og Norsk Møbelfaglig Senter. (Foto: Hanne Suorza)

Furniture Guiding ønskjer å vise kontrastane i industrien. Deltakarane får innblikk i dagens møbelproduksjon og den historiske utviklinga.

- Ein tur i produksjonslokala til Ekornes er alltid interessant. Og å høyre om historia til industrien vår er noko å ta med seg. Den trur eg mange i bygda ikkje veit så mykje om. Cylindra er også ei bedrift som mange har til gode å besøke. Truleg er Cylindra meir kjend i utlandet enn her heime, seier Siv Berit.

Omvisingane fredag 31. mai er del av Arena Skaparglede: nye fagdagar for møbelbransjen.

Klokka 10-12: Ekornes.

Bedrifta er den største møbelprodusenten i Norden. Fabrikken på Ikornnes har over 900 tilsette. Her blir det produsert i snitt 1300 Stressless-stolar kvar dag. Det blir rundtur i fabrikken og visning av film.

Buss frå Ørsnes klokka 9.45, via Furnia til Ekornes. Retur før foredrag med interiørstylist Signe Schineller klokka 12.30.

Les meir om Signe Schineller: Interiørdagar

Les meir om Ekornes: Årets julegåve, Stressless på hjul og 80 ulike yrke.

Klokka 14-16: Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) og Cylindra. 

NMFS er museum og dokumentasjonsenter for møbelindustrien. Vi får sjå ei ny historisk utstilling, i tillegg til designklassikarar frå norsk møbelindustri.

Ved Cylindra tek Kjellbjørn Tusvik oss med på ein runde i fabrikken, før turen går opp i galleriet. Objekta til designar Peter Opsvik har vore vist ved ei rekkje museum og kunstutstillingar, for eksempel i Paris, Milano, New York og London.

Buss frå Furnia klokka 14. Retur til Furnia og videre til Ørsnes ferjekai.

Les meir om NMFS: Ver så god, sitt og Bøker og blad.

Les meir om Cylindra: Mange sider å spele påAll that jazz, Lesarbrev og Haustmote.

I showrommet til Furnia får vi sjå møblar frå Slettvoll, Riksheim, Brunstad, Tonning, Sykkylven Stål, Langlo, Hovden, Helland, LK Hjelle, Furnia, Formfin, Amatec, Ekornes Contract, Sandella, Handelsservice og Grande. Designarane Svein Asbjørnsen og Jarle Slyngstad stiller også ut.

Industriturisme

I målgruppa til Furniture Guiding er mellom anna cruisebåtar og hotell, skular, organisasjonar og bedrifter som har besøk.

Mange bygder og byar rundt om i verda lukkast med industriturisme:

Grasse: Den vesle byen i Provence i Frankrike har blitt verdas parfymehovedstad. Her ligg produsentar som Galimard, Fragonard og Molinard. Som turist kan vi høyre historia, sjå korleis parfyma blir utvikla, og handle parfyme hos produsentane.

Carlsberg Group: Det danske bryggeriet har bygd opp ei reiselivsatsing. Det er mulegheit til å besøke ølmuseum og smake på varene.

BMW: Den tyske bilgiganten har bygd opp senteret BMW Welt, både i USA og heimstaden München. Her kan du besøke museum, bli kjend med produksjonen og prøve bilar.

Vin: Industriturisme foregår i mange område med vinproduksjon. Alt frå enkle besøk hos små vingardar til organiserte omvisningar hos store produsentar .

(Foto: Cylindra)

(Foto: Cylindra)

- Påmelding til omvising hos Ekornes før klokka 15 på torsdag. Send e-post til grethe@skaparglede.no. Pris: 150 kroner.

- Påmelding ved frammøte til omvising hos NMFS og Cylindra. Pris: 150 kroner.

- Gratis inngang til utstilling og foredrag: torsdag 17–20, og fredag 10–15.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.