Arena Skaparglede inspirerte til leikent samarbeid

- Dei gode ideane kjem når nyutdanna og meir erfarne arbeider saman.

Det sa skipsdesignar Øyvind Kamsvåg i Ulstein Design AS under Arena Skaparglede i dag, torsdag 30. mai. Representantar frå 50 bedrifter var til stades.

Kamsvåg har stått sentralt i utviklinga av Ulstein X-BOW, eit produkt som har bidratt til suksess for Ulstein.

Han var invitert til Arena Skaparglede for å fortelje om korleis offshorebedrifta arbeider med nytenking og produktutvikling.

- Vi jobbar tett saman med studentar for å nå dei beste folka. Vi er opne for alle idear og seier «ja, om..» i staden for «nei, men..»  sa Kamsvåg, og minna om at «du bommar på 100% av dei sjansane du ikkje tar!»

Skipsdesignaren gav eksempel frå kreative samlingar i Ulstein. Slik illustrerte han korleis bedrifta aktivt og strategisk trekkjer til seg gode medarbeidarar.

Dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Harald Espeland, synest det er interessant å sjå korleis Ulstein utfordrar seg sjølve.

- Vi ser ein leiken inngang på eit seriøst arbeid. Dette er mogleg også i møbelbransjen, seier han.

arenask2

Sykkylven Næringsutvikling: Dagleg leiar Harald Espeland og styreleiar Arne Hanssen. (Foto: Hanne Suorza)

Industri

Arena Skaparglede samla i dag 82 deltakarar. Prosjektleiar Arne Hanssen meiner det er ei barriere i seg sjølv, og gleder seg over nye innspel og god respons.

Møbeldesignar Svein Asbjørnsen synest fagdagen er eit fantastisk steg i gjenreisinga av norsk møbelindustri. Han peiker på at den maritime næringa også er storforbrukar av møblar i båtar og skip verda over.

Blant deltakarane var også Helge Brunstad, administrerande direktør i Brunstad AS. Han håper det blir arrangert fleire fagdagar.

- Før hadde vi Møregruppa. No møtast vi alt for sjeldan. Dei bedriftene som er her i dag er interesserte i nytt samarbeid. Det gjeld mellom anna deling av kompetanse og produksjonsløysingar, seier han.

I følge Harald Espeland handlar samarbeidet om kompetanseutvikling i alle ledd av verdikjeda. Alt frå materialkunnskap, produksjonsløysingar, til kunnskap om trendar og merkevarebygging.

- Dersom bransjen no grip fatt i utviklingsarbeidet saman, vil det gå raskare å nå eit høgare nivå enn om kvar skal gjere alt aleine.

Frå venstre: Linn Skarbøvik i Sparebanken Møre, Ivar Jan Langlo i Ekornes, Helge Brunstad i Brunstad AS og designar Jarle Slyngstad. (Foto: Hanne Suorza)

Frå venstre: Linn Skarbøvik i Sparebanken Møre, Ivar Jan Langlo i Ekornes, Helge Brunstad i Brunstad AS og designar Jarle Slyngstad. (Foto: Hanne Suorza)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Design

Interiør- og møbeldesignar Marte Frøystad tok turen frå Oslo.

Interiør- og møbeldesignar: Marte Frøystad.

Interiør- og møbeldesignar: Marte Frøystad. (Foto: Hanne Suorza)

- Det er veldig positivt at møbelbransjen tenker nytt. Eit bedre nasjonalt samarbeid, vil også gjere oss bedre internasjonalt. Samarbeid er vegen å gå, seier Marte til brabygd.no

Sykkylvingen arbeider i Oslo, og har dei siste åra stilt ut ved dei store møbelmessene i Stockholm og Milano. For tida arbeider ho med ein prototype som blir å sjå på DogA Norsk Design- og arkitektursenter i sommar. Til messa 100% Design i London tar ho med seg splitter ny porselen, som Figgjo snart set i produksjon. Neste veke går turen til Miami for å snakke om produkt, mat og design.

Marte håper å skape eit like godt nettverk i heimbygda som ho har i Oslo. I første omgang ser ho på moglegheiter for prosjektarbeid i Sykkylven. Kanskje blir det aktuelt å flytte heim på sikt.

- Kompetansen i Sykkylven er gull verdt. Det er kjekt å kunne ta del under fagdagen i heimbygda, og å formidle innhaldet til kollegaer i Oslo, seier ho.

Som styremedlem i NIL Oslo (Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening) er Marte engasjert i å styrke møbeldesignarane sin posisjon i møbelbransjen.

- Norske møbeldesignarar samarbeidar godt. Det er meir kniving blant kollegaer i andre land. Eit enda breiare samarbeid mot industrien er viktig. Like så at interiørarkitektar vel norske møblar i sine prosjekt. Det vil slutte sirkelen, seier ho.

Om sosiale medier, innovasjon og vegval

Fagdagen blei opna av Dag Inge Fjeld. Han er partnar i analyseselskapet BTF Innsikt og høgskulelærar ved Markedshøyskolen Oslo. I foredraget «Kartet for møbelindustriens strategiske valg» snakka han mellom anna om kven som set standard for nye trendar.

Deretter heldt direktør ved Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), Per Erik Dalen, foredraget «Kva vi kan lære av den maritime næringa». Han fortalde om korleis ÅKP, som held til ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund, arbeider for å skape innovative løysingar i regionen.  Han var innom tema som nettverksbygging, kulturforståing, innovasjon og behov for spissa rekruttering. Han delte av sine erfaringar knytt til ÅKB si etablering av eit inkubatormiljø.

Les også: Vil bygge inkubator for møbeldesign i Sykkylven

Samtidig peika Dalen på korleis felles handlingsplanar har auka konkurransekrafta i den maritime klynga.

- Samarbeid er viktig for å få tyngde. Lokomotivbedriftene må bidra, sa Dalen, som minna om at den maritime næringa låg ganske langt nede for få år sidan.

Etter lunsj fekk vi høyre Dag Inge Fjeld fortelje om korleis sosiale medier endrar handlemønsteret vårt. Rådgjevar Øyvind Tveten i Møre og Romsdal fylkeskommune, heldt eit innlegg om læring og erfaringsutveksling på tvers av næringane.

- Sjølv om næringane i fylket er vesentleg forskjellige på nokre områder, er det likevel mange felles utfordringar. Det ligg eit stort potensial for samarbeid og læring. Slike utfordringar kan vere produksjonsmetodar, omdømmebygging og å bygge ei sterk klynge. Det er mykje å lære av kvarandre, meiner Tveten.

Arena Skaparglede held fram fredag 31. mai: Bli med Furniture Guiding på tur i møbelbygda

arenask1

Over 80 personar høyrde Øyvind Kamsvåg frå Ulstein AS fortelje om korleis offshorebedrifta arbeidar med nytenking og produktutvikling. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.