Arena Skaparglede: Norske møblar under eitt tak

Omlag 20 utstillarar gjer seg klare til arrangementet som startar i morgon, torsdag 30. mai.

Brabygd.no har denne veka fokus på dei nye fagdagane for møbelbransjen: Arena Skaparglede, 30- 31. mai.

Utstillinga i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken er open for alle: torsdag 17–20, og fredag 10–15.

arenaskaparglede1_web

Kari Kjellstad er i ferd med å montere ei fargerik utstilling for Brunstad. I bakgrunnen ser vi Ole Vedvik i LK Hjelle. (Foto: Hanne Suorza)

Styreleiar Arne Hanssen fortel at Sykkylven Næringsutvikling ønskjer å skape eit sterkt fagleg nettverk.

At samarbeid og utvikling løner seg blir illustrert når representantar frå den maritime næringa deler av sine erfaringar.

Foredraga torsdag 30. mai har tema knytt til strategival, produktutvikling, sosiale medier og forbrukaratferd.

arenaksparglede2_web

- Dersom næringa vil ha Arena Skaparglede kan dette bidra til starten på ei ny tid for bransjen, seier Arne Hanssen. (Foto: Hanne Suorza)

Den maritime næringa er invitert til å fortelje om korleis dei har bygd opp gode fagmiljø.

- Bransjen har blitt verdsleiande på kort tid. Det viser at det framleis er mogleg å produsere i Norge på trass av høge lønskostnadar. Vi ser på kva nytte vi kan ha av kvarandre som nabonæringar på Sunnmøre, seier Arne Hanssen.

- Kvifor er det viktig med samarbeid? Og å hente innspel frå anna næring?

- Suksess skapar suksess. Vår tenkemåte og handlingsmåte hindrar oss ofte i utviklinga. Her har vi noko å lære av den maritime bransjen. Samarbeid vil gjere oss gode. Og å vere aktive i denne fantastiske næringa gir stor glede, seier Arne Hanssen.

Foredragshaldarane torsdag 30. mai er rådgjevar Dag Inge Fjeld (Norges Markedshøyskole), direktør Per Erik Dalen (Ålesund Kunnskapspark), skipsdesignar Øyvind Kamsvåg (Ulstein Design AS) og rådgjevar Øyvind Tveten (Møre og Romsdal Fylkeskommune).

Arena Skaparglede blir arrangert av Sykkylven Næringsutvikling, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

arenaskaparglede2_web

Utstillinga til LK Hjelle viser fleire premierte møblar, mellom anna sofaen Everybody av Stephen Burks. I glas og ramme står prisen for årets sofa. (Plaza magazine 2013)

I showrommet til Furnia i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken får vi sjå produkt frå Slettvoll, Riksheim, Brunstad, Tonning, Sykkylven Stål, Langlo, Hovden, Helland, LK Hjelle, Furnia, Formfin, Amatec, Ekornes Contract, Sandella, Handelsservice og Grande. Designarane Svein Asbjørnsen og Jarle Slyngstad stiller også ut.

Det blir også foredrag med stylist Signe Schineller.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.