Bowling på Buas

Om det skulle vere noko tvil er det bowling på Nintendo Wii med spelkonsoll det er snakk om.

bowling

Fredag 10. mai blir Verdas aktivitetsdag markert ved Sykkylven bu- og aktivitetsenter (Buas). I tillegg til bowling blir det turmasj og rebusløp, kast på boks, underhaldning, dans i Pensjonistsalen og mat i Jettegryta kafe. Varaordføraren vil opne arrangementet.

- Bowling på storskjerm er ein aktivitet som har blitt populær ved nokre eldreheimar rundt om i landet, fortel folkehelsekoordinator i Sykkylven kommune, Lars Petter Vemøy. For å få fart på kula nyttar det ikkje å sitje stille. Du må fysisk svinge arma for å felle kjegler.

Markeringa tar til klokka 11.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Les meir om Wii og Verdas aktivitetsdag her:

Wikipedia: Wii Sports

Helsedirektoratet: Verdens aktivitetsdag 2013

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.