Friidretten på bana

Ikornnes IL inviterer til friidrett-karusell i splitter nytt anlegg.

friidrett2_web

I praktfult landskap ligg alt til rette for den aller første sommarsesongen. (Foto: Hanne Suorza)

Det nye tilbodet er for barn mellom 6 og 13 år. Det vil finne stad fem fredagar før sommarferien, og fem fredagar etterpå. Det er ingen påmelding og alle er velkomne. Tanken er at friidrett-karusellen skal fungere slik som «barn i løypa» gjer om vinteren.

Barna vil få prøve løping, lengde- og høgdehopp. Dei vil lære å kaste kule, og liten og stor ball.

- Med eit slikt anlegg som vi har fått i Sykkylven, er det viktig at dei unge får moglegheit til å prøve friidrett, seier Steinulf Grøvik.

Han har vore prosjektleiar i bygginga av det nye anlegget. I dag er han også leiar for friidrettsgruppa i Ikornnes Idrettslag. Han rosar dugnadsarbeidet.

- Vi har med mange engasjerte, frivillige hjelparar frå Ikornnes IL. I tillegg får vi hjelp av trenarar i Sykkylven IL. Vi har fått til eit godt samarbeid, seier Grøvik.

friidrett3_web

Prosjektleiar Steinulf Grøvik gler seg til å sjå raske løp og lange hopp. – Vi ønskjer at mange barn i bygda skal få prøve ulike greiner friidrett, seier han. (Foto: Hanne Suorza)

Topp moderne

Planane om å ruste opp bana på Ikornnes byrja hausten 2010. For to år sidan skaut planlegginga fart. Sjølve jobben med å få anlegget på plass starta i fjor vinter og i september var bana klar til bruk.

No trener mellom 12 og 15 utøvarar jamt på det moderne friidrettsanlegget.

I påvente av utbetaling av tippemidlar, har idrettslaget teke opp eit banklån. Anlegget er lånefinansiert med til saman 5,5 millionar kroner. Mange har vore med å sponse prosjektet.

- Vi starta med sal av andelsbrev til alle husstandar i Sykkylven. Her fekk vi inn omlag 250.000 kroner. Vi tok også kontakt med bedrifter i bygda som var svært positive. Til saman har alle desse bidraga gitt oss over tre millionar kroner i sponsorstøtte, seier Grøvik.

- Kva har den nye bana å seie for friidretten i bygda?

- Veldig mykje. Med eit slikt anlegg trur eg at vi kan få fram mange gode talent. Det går ikkje ein dag utan at der er trening på gang, seier prosjektleiaren.

Friidrett-karusellen startar opp fredag 24. mai kl. 18.00 – 20.00. Påmelding ein halvtime før oppstart.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.