Det var 25 fleire nyetableringar i Sykkylven i 2012 enn året før.
- Dette er tal som Sykkylven kan glede seg over, seier May-Britt Roald. Ho er programleiar i hoppid-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I fjor blei det etablert 73 nye føretak, mot 48 nye i 2011. Utanom dei store byane er det Sykkylven og Ørsta som har høgast prosentvis auke. (Kjelde: SSB)
Hoppid.no-kontoret i Sykkylven blei etablert for snart to år sidan. Oppgåva er å legge til rette for fleire og betre etableringar. Sidan 2011 har godt over 30 personar vore innom. Rådgjevar i Sykkylven er Lars Olav Holmøy.

Lars Olav Holmøy oppfordrar unge etablerarar til å ta kontakt med Hoppid-kontoret, som mellom anna tilbyr kurs i økonomiforståing og marknadsposisjonering.
May-Britt Roald trur det kan vere lettare å sjå ein marknad for nye idear i gode tider. Ho peikar på fleire årsaker til auken.
- I Sykkylven blir det gjort gode grep. Næringslivet jobbar hand i hand med hoppid.no. Det blir jobba målretta og heilskapleg med entreprenørskap. Både proaktivt i skule, næringsliv og mot eldsjelene i og utanfor kommunen. Arbeidsmetoden kjenneteiknar næringsvennlege kommunar.
Dessutan er Sykkylven ein kommune som tør å ha ambisjonar og høge målsettingar:
- Det pregar både dei frivillige, offentleg tilsette og næringslivet. Sykkylven har mange flinke folk, og gjennom hoppid.no ser vi at det er mange unge etablerar i Sykkylven. Vi meiner at Sykkylven har potensiale for vekstbedrifter.
- Er det gründerånd i bygda?
- Det er knapt ein kommune i Norges land som har ei så historisk sterk gründerånd som Sykkylven. Dette gir gode forutsetningar til å ta posisjonen som skaparglede-kommunen. Det gjeld å halde ved like og løfte fram gründerånda. Bygda har mange ledestjerner som har vist veg. Og det vil komme fleire etterkvart. Vi treng ein sterk og synleg gründerkultur, seier May-Britt Roald.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Nyetableringar var tema under eit møte ved Sykkylven Næringsutvikling, onsdag 8. mai. Frå venstre: Lars Olav Holmøy (Hoppid.no Sykkylven), Steinar Johnsen (Innovasjon Norge), Petter Lyshol (Ordførar i Sykkylven), May-Britt Roald (Møre og Romsdal fylkeskommune), Harald Espeland (Sykkylven Næringsutvikling) Anne Berit Løset (Landbruksdirektør i Møre og Romsdal) Mandy Häger (Jordbrukssjef i Sykkylven kommune) og Ole Johan Lillestøl (Rådmann i Sykkylven)