Innovasjon i Straumgjerde

Ocea Aquaservice med nytt system som skal hindre rømming av fisk.

Dei blir lagt merke til i bransjen, Ocea Aquaservice i Straumgjerde. 28 år har gått sidan Magnar Støylen teikna det første rørsystemet til oppdrettsnæringa. Sidan den gong har Aquaservice AS blitt selt til Ocea AS, ein veletablert leverandør av teknologi til havbruk. Magnar er no utviklingsleiar, dagleg leiar er Geir Arne Albertsen.

oceaweb

Geir Arne Albertsen og Magnar Støylen demonstrerar nyvinninga. Ein avansert ventil gjer det muleg å styre straumen av vatn og fisk på ein skånsam måte. (Foto: Hanne Suorza)

I Straumgjerde arbeidar ti personar mellom anna med å utvikle utstyr til brønnbåtar og landanlegg. Målet er å sikre god vasskvalitet og hindre lus og egg.

Den største ordren på utstyr kom i fjor. Då leverte Ocea filter og ventilar til rederiet Sølvtrans sin 76 meter lange brønnbåt. Nyleg er ein ny avtale for leveranse til båten sitt søsterskip i boks.

Det aller siste prosjektet har fått navnet AquaTransSystem. Ventilar blir kobla saman for å sikre skånsam og sikker fisketransport. Eletronisk styring hindrar uønska åpning av ventilane. Slik skal risikoen for rømming av fisk bli sterkt redusert.

Med dette systemet vil Ocea halde posisjonen som ein nyskapande leverandør i bransjen.

- Vi vil bidra til effektiv og miljømessig produksjon av sjømat. Rømming er eit problen fordi oppdrettslaks kan skade villaks. Det er heller ikkje ønskeleg med lakselus. Vi er aktivt med for å betre problema, seier Geir Arne Albertsen.

Miljøteknologi

Det kostar å utvikle innovative produkt. Difor søker Ocea i desse dagar Innovasjon Norge om midlar til å satse og bygge eit pilotsystem. Der skal systemet testast i praksis.

Gjennom miljøteknologiordninga, som støttar ny teknologi med miljømessig gevinst, kan Ocea motta inntil 25 prosent av utgiftene i tilskot.

Samarbeidspartnar og pådrivar i søknadsprosessen er Fou-kompetanse Møre, eit prosjekt i Sykkylven Industri- og næringslag. Les meir her. (brabygd.no, 13. desember 2012)

- Det er slike type tiltak miljøteknologiordninga legg til rette for å gjennomføre, seier Ragna Brenne Bjerkeset, som hjelper til med søknaden. Til grunn ligg regjeringa sin uttale om ei nulltoleranse for rømming av fisk.

AquaTransSystem blir truleg utvikla i samarbeid med eit av lokomotiva i bransjen, Marin Harvest AS. Eit pilotsystem vil bli demonstrert på messa AquaNor i Trondheim 13. – 16. august 2013.

Søknadsprosessen er inne i sluttspurten.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

3 total comments on this postSubmit yours
  1. Fantastisk bra
    Det er en nytelse å gå blant arbeidarane på Osea og sjå kva dei skaper
    Mannen med vannskjereren f. eks. med mottoet – ingen problem. Av slik innstilling blir det mye bra
    Fantastisk kreative og flinke folk . Et firma vi absolutt må håpe vi får beholde i Sykkylven

    • Bra og positivt ja! Vi har eit spanande næringsliv i Sykkylven :)

  2. Det var en flott tilbakemelding Geir Brekke, og den skal overbringes til Tore Melbø på vannskjereren og alle de andre dyktige medarbeiderne vi har.

    Forhåpentligvis så er det ikke lenge igjen til det første helautomatiske «AquaTrans System» er i drift på et landbasert oppdrettsanlegg.

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.