Interiørdagane i Sykkylven: – skap ein ny stil med enkle grep

Stylist Signe Schineller kjem til Sykkylven for å halde foredrag under interiørdagane 30. og 31. mai.

interiør1_web

Interiørstylist Signe Schineller har pussa opp eit hus frå 1954. (Foto: Anniken Zahl Furunes)

På nettstaden resignert.no deler Signe Schineller smarte interiørtips. Der får vi mellom anna sjå korleis ho med ein miks av nytt og gammalt har fornya det gamle huset sitt i Rosendal. Etter 18 år i Oslo har ho nemleg flytta til eit hus ved Hardangerfjorden. 30 meter strandlinje, brygge og hage fekk ho på kjøpet.

interior3_web

Gamle møblar, ny stil. (Foto: Anniken Zahl Furunes)

Med mange års erfaring som stylist, både frå magasinet KK, God Morgen Norge og TV-programmet Sinnasnekkeren, har ho eit godt utgangspunkt for å halde kurs, foredrag og inspirasjonskveldar. Siste dagane i mai kjem ho altså til Sykkylven for å gi tips om korleis små detaljar kan gjere susen i heimen.

Interiørdagane går av stabelen i showrommet til Furnia i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken. Der blir det også ei utstilling med møbelnyheiter frå omlag 20 produsentar og designarar, mellom anna LK Hjelle, Brunstad, Slettvoll og Formfin.

Stylisten har aldri vore i Sykkylven og synest det er spanande å bli invitert til det nye arrangementet i møbelbygda.

- Samarbeid! Stilmiks! Ein fantastisk ide, seier ho til brabygd.no

interior4_web

Mønstermiks. (Foto: Anniken Zahl Furunes)

Styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling, Arne Hanssen, fortel at ei felles utstilling vil samle gode kollegaer. Det er dessutan bra å setje Sykkylven på kartet.

Dersom dette blir teke godt i mot, så er meininga å arrangere ein publikumsdag og fagdag kvart år.

Det er Sykkylven Næringsutvikling i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune som arrangerar interiørdagane. Fredag 31. mai kan vi også bli med Furniture Guiding på omvisning hos Ekornes, Brunstad og Cylindra.

- Vi viser fram kva vi lagar og gir kunnskap om interiør på kjøpet, seier Arne Hanssen.

Det blir gratis foredrag torsdag kveld og fredag på dagtid. Kjøp av billett og påmelding til omvisningane fredag.

Arrangementet er ein del av Arena Skaparglede; nye fagdagar for møbelbransjen.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

interior2_web

Design og redesign (Foto: Anniken Zahl Furunes og Signe Schineller)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.