Klart for Fjøre til Fjells 2013

 12 spanande turmål i Sykkylven er valt ut.

Trollkyrkja er eit av turmåla. (Foto: Hanne Suorza)

Trollkyrkja (1233 m.o.h)

Startskot for turpostkonkurransen går i dag, 1. mai. På heimesida til Sykkylven kommune skriv folkehelsekordinator Lars Petter Vemøy at «vi vonar at like mange deltek også i år, for å gå ut på tur, leite etter fjøler med kodar og oppleve nye flotte plassar i kommunen vår. Og sist, men ikkje minst; du får betre helse av å vere med på dette!»

Les også: Sprek i fjøre og fjell (brabygd.no september 2012)

Turkorta er lagt ut for sal ved Intersport, Sport 1 og Hardhaus i Sykkylven. Der finn du stadnamn og enkel turbeskriving.

Alle som finn seks fjøler med kode er med i trekking av premiar 25. oktober på Sykkylven kulturhus.

Turmåla i 2013 er:

  1. Skagen (litt nordom Rundsteinsvika)
  2. Johnsvatnet i Sunndalen
  3. Gjerdekollen
  4. Gimsdalstinden
  5. Hinakken
  6. Auskjeret
  7. Råna
  8. Melsetsætra (Vardefjellet)
  9. Trollkyrkja
  10. Trollvatnet (Tverrfjellet)
  11. Brunstadhornet
  12. Aurenakken
Vakkert og folksamt på Auskjeret i påska i år. (Foto: Hanne Suorza)

Vakkert og folksamt på Auskjeret i påska i år. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.