Næringslivet kan spare millionar på ny miljøsatsing

20 bedrifter i Sykkylven går saman for å spare straum og kroner.

energiarena1_web

Første nettverksamling går av stabelen på Verkstaden Bistro. Ekornes er ei av bedriftene som er med. (Foto: Hanne Suorza)

Mandag 6. mai, vil representantar frå 20 bedrifter i Sykkylven møtast på Verkstaden Bistro. Det er klart for første møte i EnergiArena Sykkylven, i regi av Tafjord Marked AS.

Målet er ein samla reduksjon i straumforbruket på 20 prosent.

I første omgang tar bedriftene fatt på ei enøk-kartlegging, som vil avdekke potensialet for sparing, og kva tiltak som må setjast i gang for å nå målet.

Ei slik bevisstgjering kan gi resultat på botnlinja:

Suksess i Haram

I 2007-2010 gjennomførte Tafjord tilsvarande nettverksamlingar i Haram kommune.

Der sparer bedriftene no mellom seks og sju millionar kroner per år.

Den beste, Ulmatec Pyro, reduserte straumforbruket med 45 prosent etter å ha installert eit nytt ventilasjonsanlegg og ei ny vatn-til-luft varmepumpe – med sjøvatn henta frå rett utanfor døra.

Jobbe saman

I Sykkylven er målet å gjere det minst like bra som i Haram. Deltakarane vil møtast fire gongar i året. Camilla Blom i Tafjord, seier det er fleire fordelar med å arbeide saman.

- Dei fleste vil naturleg nok ha ulik progresjon. Det vil vere nyttig å dele erfaringar i forhold til søknadar, tiltak og produkt, seier ho.

- Kor lang tid tar det før investeringane blir lønsame?

- Dei fleste vil ha ei innteningstid på inntil tre år. Det gjeld for eksempel varmepumpa til Ulmatec Pyro, som hadde ein totalkostnad på omlag ein million kroner.

Medan nokre bedrifter i Haram har utført oppgradering av bygg, har andre prioritert nytt utstyr. Enkelte har kun fokusert på bevisstgjering.

Oversikt på nett

For like viktig som fysiske tiltak er gode haldningar. Lukkast ein med forankring, kan 10 prosent av sparepotensialet allereie vere i boks, i følge Camilla Blom.

Det gjeld å vere bevisst og slå av lyset når arbeidsdagen er over, skru av varmen når sola skin, og ikkje opne vindauga for å fyre for kråkene.

- Korleis blir sparinga målt?

- Eit overvakingsverkty på Internett viser bedrifta sitt energiforbruk time for time. Dersom ei maskin sviktar og brukar meir straum enn normalt vil avviket bli oppdaga kjapt, i staden for ved neste straumrekning, som då vil være unormalt høg.

camillablom3

Camilla Blom, Key Account Manager i Tafjord Marked, stiller med rådgiving og inspirasjon. (Foto: Hanne Suorza)

Pilotbedrift

EnergiArena er eit tilbod til medlemmar i Sykkylven Industri- og næringslag (SINL). Møre Trafo og Sandella er pilotbedrifter, og allereie ferdig med enøkanalyse og energimerking. Dei neste to-tre åra er det tid for å gjennomføre tiltak.

Ved Møre Trafo er teknisk leiar Knut Stadheim klar for å involvere både økonomiavdeling, produksjonsleiarar og vedlikehald i arbeidet.

- Betyr det ei omlegging av drifta?

- Foreløpig fokuserer vi ikkje på omlegging av produksjonen, men det vil medføre endringar i mellom anna drift av varmeanlegg, ventilasjon og trykkluftkompressorar. Vi reknar med å betre isoleringa i tak, veggar, dører, portar og vindauge.

Million-potensial

- Kva med utgifter? Og kva ser de for dykk å spare på sikt?

- Energiprisane varierer heile tida. Difor er det vanskeleg å vite kor mykje vi vil spare i kroner, samanlikna med dagens utgifter.

- Vi tar difor utgangspunkt i kva vi vil spare i energi (kWh – kilowatttimer) per år. Bedriftene som kjøper elektrisk energi gjennom innkjøpsavtalen mellom SINL og Tafjord Kraft brukar omlag 40 000 000 kWh = 40 GWh årleg. Klarer vi å spare 20 prosent i gjennomsnitt så vil det bli 8 000 000 kWh = 8 GWh årleg.

- Med dagens straumprisar vil det utgjere omlag 6,4 millionar kroner (eks. mva) per år, seier Knut Stadheim.

moretrafo_web

Møre Trafo er godt i gang med energisparing. (Foto: Hanne Suorza)

Styringsgruppe

Styringsgruppa i EnergiArena Sykkylven består av Knut Stadheim (Møre Trafo AS) Frank Robert Kaldhussæter (JE EKornes AS) Ingemar Eliassen (Sandella Fabrikken AS) Leif Rune Vinje og Camilla Blom (Tafjord Marked AS) og Harald Lillebø (Energirådet AS).

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.