Ombord i Cessna 172

I cockpiten sit Bendik Kristiansen Løseth (17) og Alexander Sandnes (24).

Både Bendik og Alexander bur i Sykkylven. Bendik går andre året Medier og kommunikasjon ved Akademiet VGS i Ålesund. På fritida driv han med filmproduksjon, foto og grafisk design. Alexander er utdanna trafikkflyger og har tidlegare jobba som flyinstruktør i USA. I dag driv han nettbutikken pilotstore.no

I filmen ser vi dei flyge frå Ørsta-Volda lufthavn Hovden til Hareid, før dei landar på Vigra. Derifrå går turen over Brusdalen og til Storfjorden. Vidare over Løsetvatnet og Andestad, før dei tar to rundar over Sykkylven.

- Det var strålande forhald, fortel dei to.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.