Sykkylven med eigen wiki

Kjenner du denne nettstaden?

www.lokalhistoriewiki.no har Sykkylven sogenemnd oppretta eit lokalt leksikon. Her finn vi 120 tekstar om Sykkylven og talet veks jamnt. Vi kan lese artiklar om bedrifter, personar frå Sykkylven, hendingar og organisasjonar. Til dømes om fornfunna på Auremarka, Ekornes ASA, Hanne Kolstø og verdas lengste sofa.

lokalwiki

«I Sykkylven vert det ikkje berre laga mange stoppamøblar, det vert også laga lange møblar,» kan vi lese på den lokale wikien.

- Det fine med eit digitalt leksikon er at alle med nettilgang kjapt kan finne fram til informasjonen dei søkjer, seier historikar Eldar Høidal.

Han trur at wikien særleg vil vere ein ressurs for skular, studentar og lokalhistorisk interesserte i alle aldrar.

Det er Eldar som har skrive dei fleste artiklane. Heidi Heggem har skrive nokre tekstar og elevar ved vidaregåande skule har kome med bidrag. Per Grønli har skrive om kunstnarane Olav Harald Ulstein og Stein Kåre Nygård.

 (Foto: Hanne Suorza)

- Dei som ville ha kunnskap om Sykkylven før måtte gjerne vende seg til eit bibliotek for å få låne bøker. No legg vi inn så mykje informasjon som råd i Sykkylven leksikon. Slik skal opplysningane vere lett tilgjengeleg for alle, seier Eldar Høidal. 

Ein wiki er kjenneteikna av at folk med ulike bakgrunnar arbeider saman, ofte med same artikkel. Den skal vere eit dugnadsarbeid.

- Det er berre å kome med tekstar. Her er dørstokken låg. Alle tema er relevante, berre dei har tilknytning til Sykkylven kommune, seier han.

- Kvifor starta du?

- Vi diskuterte saka i Sykkylven Sogenemnd for vel eit år sidan. Då snakka vi om utgjeving av eit lokalt leksikon eller oppslagsverk. Fleire kommunar har allereie fått slike. Mange har gjeve dei ut i bokformat. Vi kom raskt til at det måtte bli eit digitalt leksikon for oss. Det gode med det er at du enkelt kan oppdatere artiklane slik at dei held seg aktuelle.

- Korleis kan folk bruke informasjonen dei finn?

- Det er berre å forsyne seg, men vi set pris på at folk gjev opp kjelde viss dei brukar stoffet i skriftlege framstillingar.

- Kva er dei vidare planane for nettstaden?

- Dette er eit langsiktig prosjekt som eigentleg ikkje har noko ende. Vi vil halde fram med å leggje inn stoff så lenge arbeidslysta og motivasjonen er der. Etter kvart håper eg å få med fleire på skrivelaget. Då kan Sykkylven leksikon bli eit av dei beste lokalhistoriske leksikona i landet. Det må vere målet.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Les meir om lokalhistoriewiki: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/lokalhistoriewiki.no:Hovedside/Om_forsiden

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Takk for god omtale av nettleksikonet. Flott om artikkelen kan føre til at fleire vil kome med bidrag Sykkylven leksikon. Alt stoff om bedrifter, personar, foreiningar, hendingar i Sykkylven i fortid og samtid er av interesse.

    • :)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.