Turløyper i raudt, blått, grønt og svart

Vakre turmål i Sykkylven får nye skilt. Det vil både fastbuande og turistar ha glede av.

skilt1_web

Ole Erling Asbjørnsen i Aure Grunneigarlag har samla 11 skilt på Sunndalen. I løpet av sommaren vil skilta bli plassert i terrenget. Arbeidet blir gjort på dugnad. (Foto: Hanne Suorza)

Informasjonen på skilta er den same som vi kjenner frå alpinbakkane: fargane svart, raud, blå og grøn fortel oss om nivået på turen.

  • Grøn = Enkel
  • Blå = Middels
  • Raud = Krevjande
  • Svart = Ekspert

skilt1

Skilta viser også retning til målet og kor langt det er å gå. Turistar vil kunne kjenne att symbola på skilta frå andre land.

skilt3_web

Tur til Bjønnastien har svart farge, til Klipe og Fjællsetra blå, og Nysætra raud. (Foto: Hanne Suorza)

Bakgrunnen er satsinga «Nasjonal standard for skilting og gradering av turløyper».

I samarbeid med Gjensidigestiftelsen delte Møre og Romsdal fylkeskommune i fjor ut 1,5 millionar kroner til 26 prosjekt her i fylket. Gjensidigestiftelsen har så langt gitt 10 millionar kroner til dei fire vestlandsfylka.

Sykkylven kommune har motteke 75 000 kroner. Det er turar i Sunndalen, Nysæterdalen, Fausaskiftet, Vikedalen, Velledalen og Ladalen som får nye skilt.

I tillegg vil det bli vist veg til Sandvikhornet, Aurenakken og Skopphornet. Til dette arbeidet har jentenettverket Fole flenke damer og Sykkylven Næringsutvikling blitt tildelt 25 000 kroner.

Fjellhug, Aure Grunneigarlag, Fole flenke damer og Velledalen i balanse vil setje opp skilta på dugnad i løpet av året.

Emte Aure i Fole flenke damer, fortel at grunneigarane har vore positive til skiltinga. Det stadfestar Ole Erling Asbjørnsen i Aure Grunneigarlag.

- No blir det enklare å finne fram. Vi vil arbeide med montering i løpet av sommaren, seier Ole Erling.

I tillegg til skilta er seks informasjonstavler snart ferdig produserte.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.