Etter åtte år er arbeidet med ein ny sømrobot inne i avslutningsfasen. Mykje av teknologien er utvikla i Sykkylven.

Leif Jarle Aure og Tor Ronny Gjelstenli saumfara siste test. I bakgrunnen Terje Riksheim, Kenneth Revne og Svein Even Blakstad. (Foto: Hanne Suorza)
Den nye roboten blir spesialutvikla for å sy saman hud og fiber med god rynkesøm. Målet er å ta maskina i bruk vinteren 2014.
På Ekornes vil ein medarabeidar kunne handtere fire maskiner i staden for ei.
Banebrytande teknologi
Ein av dei som har vore med heile vegen er Tor Ronny Gjelstenli ved Amatec.
Saman med Terje Riksheim (Amatec), Svein Even Blakstad og Kenneth Revne (Ekornes) har han utvikla avansert laser- og kamerateknologi. Robotar og symaskiner blir presist samkøyrt med dagens transportsystem.
Tor Ronny fortel at prosessen har vore veldig bra.
- Eit utviklingsprosjekt på dette nivået tar tid. Vi har fått tillit frå leiinga i begge bedriftene til å ta dei små stega som må til for å lukkast. Vi nærmar oss no, men litt står att før vi har ei stabil maskin, seier han.
Norges Forskningsråd har gått inn med 39,2 millionar kroner. Amatec og Ekornes står for omfattande investeringar.

Kenneth Revne, Tor Ronny Gjelstenli, Svein Even Blakstad og Terje Riksheim har verdifull kompetanse for næringslivet i Sykkylven. Her testkøyrer dei den nye maskina under ein workshop på Amatec. (Foto: Hanne Suorza)
Globalt og lokalt
Teknologimiljø i England, Tyskland, Portugal, Australia og Norge har vore med i utviklinga. Arnljot Djupvik ved Ekornes og forskarar i Trondheim og Raufoss har også ei sentral rolle.
Prosjektansvarleg Leif Jarle Aure peikar på at ny kompetanse ikkje kan målast i kilo eller kroner.
- I oppbyggingsfasane har vi brukt internasjonal ekspertise. Vi har blitt løfta etter håra for å henge med. Det har vi klart og mykje kunnskap ligg att hos Amatec og Ekornes. Kompetansen var ikkje her. Men vil bli her i framtida, seier han.
Prosjektet er inndelt i tre faser, forklarar Leif Jarle:
Fase 1: I 2005 sjekka vi ut om det fanst liknande installasjonar i verda. Ei slik løysing som vi hadde tenkt oss eksisterte ikkje.
Fase 2: I 2008 ville vi avklare om målet var oppnåeleg og mogleg å gjennomføre teknisk. Ein demonstrator blei bygd på labben på Raufoss.
Fase 3: Industrialiseringsfasen starta i 2012 og varer ut 2015.
Tor Ronny seier at det mest utfordrande er å arbeide med mjuke material.
- Vi syr fast fiber til hud eller tekstil, som forandrar form etter kvart som vi syr. Vi må difor bruke eit kamerasystem som oppdaterar posisjonen til materialet kvart tjuande millisekund. Slik kan vi korrigere kanten av materialet med roboten, og sy med korrekt avstand heile tida.
Viktig for møbelbygda
Leif Jarle understrekar at nyvinninga vil bidra til å sikre produksjon av møblar i Sykkylven. Det har vore lite automatisering innan søm dei siste 30 åra.
Både Leif Jarle og Tor Ronny ser at den nye teknologien vil bli nytta i andre prosjekt.
- Å kunne oppdatere ein robot så hurtig som dette er spesielt. Difor vi vil heilt sikkert sjå att spin-off effekten i mange andre prosjekt. Slik automatisert sømproduksjon kan bli heilt avgjerande for å produsere i Norge, seier Tor Ronny Gjelstenli.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Frå venstre: Leif Jarle Aure, Kenneth Revne og Tor Ronny Gjelstenli utviklar ny sømrobot med stor presisjon. (Foto: Hanne Suorza)