Sykkylven bibliotek inviterer i sommar til ein uhøgtidleg lesekonkurranse for barn og unge.
Biblioteket har sendt oss denne teksten:
Alle frå 1. til 10. klasse kan delta og vere med i trekninga av hovudpremien som er eit nytt og funksjonelt nettbrett. Deltakarskjema er sendt ut til alle klasser på barnetrinnet, medan ungdomsskuleelevar kan ta kontakt med biblioteket.
Bøker er eit triveleg reisefølgje som stimulerer fantasievna og opnar dørene for nye opplevingar. Sykkylven bibliotek vonar at «Boksommar 2013» kan bidra til å stimulere lesegleda blant våre yngste lesarar, og auke interessa for litteraturens mangslungne univers. Alle som les fem bøker eller meir er med i kampen om nettbrettet. I tillegg vankar det ekstrapremiar til alle som er med. Deltakarane kan velje mellom vanlege bøker, teikneseriar eller høyre på lydbok. Det er også lov å finne andre til å lese for seg. Utfylt skjema må vere biblioteket i hende innan 2. september. Seinare same månad vert det heile avrunda med fest og utdeling av premiar.
Biblioteket held ope gjennom heile sommaren. Kom og lån! Eller løft blikket og finn vegen til bokhylla i ditt eige hus, eller naboens, eller hos ein venn. Ei ukjend verd ligg og ventar. Og kanskje eit nettbrett?
Sykkylven bibliotek