Brøvøllsfestivalen: It´s Golden time!

Dei får det til år etter år, dugnadsgjengen i Brøvøllsfestivalen. I helga vil ei rekke kjende artistar underhalde på scena mellom hesjestaur og kUbab i Velledalen. Johan Golden er ein av dei.

dugnadsgjeng_web

Festivalstyret: Fredrik Ødegård Nilsen, Jens Christian Hole, Lovise Drotninghaug, Bente Hole, Martin Hole og Per Magne Drotninghaug.

Skaparglede!

Lovise Drotninghaug er ei av dei som arbeider med festivalen året rundt. Ho fortel at ei viktig drivkraft ligg til grunn for innsatsen: ønsket om ei positiv og levande bygd.

- Vårt felles mål er at vi ønsker å skape noko i bygda. For bygda. Med bygda. Vi vil bidra til eit positivt omdømme for dalen og heile Sykkylven. Ungdom som flyttar ut skal ha noko moro å kome tilbake til. Og med tida ha lyst til å flytte heim.

Lovise ønsker at Sykkylvingar skal vere stolte av bygda si. At vi skal snakke positivt og glede oss over at vi er heldige som får bu nett her.

- Ikkje berre på grunn av dei fantastiske fjella og naturen. Men også på grunn av dei fine kulturtilboda. Og av bedriftene som gir trygge arbeidsplassar og støttar kulturen, slår ho fast.

lovise_web

Lovise tapte odelsduellen mot tvillingbroren Per Magne med to minutt og hamna dermed i by og ikkje på gard. I dag jobbar ho i produksjonsselskapet Eyeworks Dinamo i Oslo, der ho er produksjonskoordinator for ulike event/tv-prosjekt, som til dømes Melodi Grand Prix og filmprisutdelinga Amanda i Haugesund. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Vidkjende artistar

Seks år har gått sidan Lovise og nokre gode vener møttest til ein aldri så liten hagefest på eit gardstun på Brøvøll i Velledalen.

- Men så fann vi ut at dette er jo eit konsept vi må prøve å gjere noko ut av, og slik balla det på seg då, år etter år, seier Lovise til brabygd.no

Saman med resten av festivalstyret har ho også denne sommaren lukkast med å få mange kjende artistar til Velledalen.

Årets Brøvøllsfestival, 28. og 29. juni, har følgande program:

Fredag: Underhaldning ved Nils-Ingar Aadne, Martin Beyer-Olsen og Jonna Støme. Bandet Broadline og DJ byr på dansemusikk utover kvelden.

Aktivitetsdag/laurdag: På scena får vi sjå Ingunn og Christian frå NRK Super. Festivalstyret lokkar med hoppeslott, natursti, gratis inngang og skikkeleg tivoli- og 17. mai-stemning på ein gong.

Laurdag kveld: Johan Golden, Grim Moberg, Bertram Velle Dal, Nils Petter and The Caddilacs set stemninga med fantastiske Elvis-imitasjonar og rå rockabilly. Deretter spelar Peter Rønning Band opp til dans.

Grinda opnar klokka 19 begge dagar. Showstart omlag klokka 20.

artisterWeb

Programleiar Johan Golden, Ingunn og Christian frå NRK Super og stand-up komikar Jonna Støme kjem til velledalen i helga.

- Jeg var der i fjor. Uforglemmelig!

Lovise ser at Brøvøllsfestivalen har eit godt omdømme i Stand Up Norge. Artistane som har opptrett tidlegare har blitt overraska. Difor snakkar dei positivt om festivalen til andre.

Då programmet blei publisert på facebook for ei tid tilbake var komikar Rune Andersen rask med å kommentere: «Gled dere, både artister og publikum. Jeg var der i fjor,- uforglemmelig!»

Lovise fortel at fleire av artistane, som skulle ha reist rett etter å ha vore på scena, likevel har teke del i festen. Dei har fått servert lokalprodusert KUbab og ei minnerik oppleving.

- Eg trur opplegget er utradisjonelt sjølv for dei. Ofte er det inn og ut av samfunnshus med grå veggar og dei same folka overalt. Til Velledalen kjem artistane plutseleg til eit festivalområde med hesjer som inngjerdingar. Frå scenekanten ser dei majestetiske snødekte toppar, eit overentusiastisk publikum og fargerike og morosame skilt. Rett og slett noko heilt annleis!

brøvøllinstagram_web

Instagram: @brovollsfestivalen

 – Ingen leikejobb

I festivalstyret har Lovise med seg Bente Hole, Martin Hole, Jens Christian Hole, Fredrik Ødegård Nilsen og Per Magne Drotninghaug. Alle er frå Velledalen, men bur spreidd i inn- og utland.

Dei arbeider deltid med festivalen heile året. Alt frå bookingar, planlegging, organisering, telefonar, e-postar, økonomi, artistar som ikkje kan, nye artistar, meir planlegging, teltbestilling og innkjøp skal på plass.

Det er altså ingen leikejobb å arrangere festival. Likevel tar ikkje festivalstyret ei krone i betaling for jobben.

Denne veka er det mange som er i sving. Lovise skryt av innsatsen:

- Både ungdommar og vaksne bidrar med ein fantastisk jobb i tida før arrangementet. Det hadde aldri blitt festival utan alle som bygg telt, hesjer, set opp skilt, hentar handlevarer og gjer klart området.

Også i helga vil mange stille på. Nokre skal halde vakt, andre servere, paruljere og rydde.  Dette er vakter frå «Lag på Lag» som består av VRF og idrettslaget, ungdomslaget, skyttarlaget, korpset og helselaget i Velledalen.

- Desse laga får mykje av overskotet etter Brøvøllsfestivalen. Så slepp dei kanskje å gå så mykje på dørene og selje tombola, smiler Lovise.

Grip dagen!

Målet for framtida er først og fremst er å arrangere fleire festivalar. Stadig fleire i styret har fulltidsjobbar. Det gjer det vanskelegare å få tid til å jobbe kontinuerleg med festivalen. Men forhåpentlegvis vil fleire kjende artistar ta turen til Brøvøllsfestivalen.

- Ønskedraumen må vere å få til eit musikalsk innslag med Karpe Diem, eller ein stor utanlandsk stand up-komikar. Men det var dei budsjetta da… seier Lovise Drotningshaug, som ønsker alle mellom 0-106 år velkomen til Brøvøllsfestivalen 2013.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.