Fisk for ein 50-lapp!

No kan ungdom kjøpe fiskekort i Aureelva til spesialpris.

aureelva_web

Aureelva i Sykkylven er 3,5 km lang. (Foto: Hanne Suorza)

Det er fiskeglad ungdom som har teke initiativet til ordninga.

Formann i Aure elveeigarlag, Jan Melseth, ønskjer at fleire skal få dyrke ein sunn hobby, utan at det går utover økonomien.

- Vi vil slå eit slag for ungdommen! Å fiske laks er ein lidenskap som ofte varer livet ut, seier han.

Fiskekorta til 50 kroner er for alle under 18 år. Eit kort gjeld frå klokka 5-11, eit anna frå klokka 11-17, og det siste frå klokka 17-23.

Jan Melseth fortel at det er omlag 25 aktive unge hobbyfiskarar i Sykkylven. Stadig fleire finn vegen til Aureelva.

- Det er betre tilrettelagt for ungdom. Godt arbeid i mange år har gjort den til ei spanande elv, der dei fleste som fiskar nokre gongar får napp. Elva har ein svært god smålaksbestand. Slik som med andre ting så smittar det med laksefiske. Ungdommar får med seg andre ungdommar, og får du laksen på kroken er du frelst!

Fiskesesongen varer frå 1. juni – 1. september.

Korta kan kjøpast ved Intersport og på garden til Olav Asbjørnsen.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.