Forskningsrådet satsar på ny møbel-klynge

Forskningsrådet har innvilga ei årleg støtte på 1,5 – 2,5 millionar kroner til prosjektet Arena møbel/interiør i Møre og Romsdal.

Tilskotet blir gitt dei neste tre åra.

Arena møbel/interiør skal få fart i arbeidet med viktige utviklingsprosjekt i møbelbransjen.

Sykkylven Næringsutvikling (SN) samarbeider tett med Arena møbel/interiør, som blir lokalisert i Ålesund Kunnskapspark.

Dagleg leiar i SN, Harald Espeland, er glad for vedtaket.

- Intensjonen er at det nye kompetansesenteret vi arbeider med å etablere i Sykkylven kan utføre ein del av prosjekta som Arena møbel/interiør set i verk innan produktutvikling og samarbeidsarenaer i bransjen, seier han.

Dette er dei planlagde aktivitetane i det nasjonale kompetansesenteret i Sykkylven:

  • Materialkunnskap
  • Forskning og utvikling
  • Design
  • Produktutvikling
  • Produksjon
arena2

Samarbeid var tema då store delar av næringslivet i Sykkylven var samla til fagdag i forrige veke. På bildet ser vi møblar frå Ekornes. Bedrifta er med i Arena møbel/interiør. (Foto: Hanne Suorza)

Les meir om etableringa av Inspirasjons- og kompetansesenter i Sykkylven på brabygd.no i morgon, 9. juni.

Klynga Arena møbel/interiør har ei kjerne på elleve møbel- og interiørbedrifter. Ekornes og Brunstad er blant desse.

Eit av måla er å bygge fleire og sterkare internasjonale merkevarer. Det er er inngått samarbeidsavtalar med NHH, Norsk Designråd og Sintef.

Norsk Industri: Stor satsing i møbel- og interiørindustrien i Norge

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.