Galleri Elvetun: sommarutstilling 2013

Utstillinga “Fieldnotes” opnar ved Galleri Elvetun søndag 30. juni. Kunstnaren Marianne Skjong vil stille ut maleri og installasjonar.

elvetun_web

Marianne Skjong og bilde med tittel «Moseåkle 1 og 2″. (Foto: Magnhild Vatne, Sykkylven Naturhistoriske Museum)

Marianne Skjong bur på Valderøya. Sidan 1983 har ho teke del i ei rekke utstillingar i inn- og utland.

I Sykkylven får vi sjå nærstudiar av mose, gras, vatn, vind, lys, skuggar og ulike mønster. Arbeida er sett saman i ulike seriar. Marianne Skjong er opptatt av alle formene vi finn ute i naturen. Ho er interessert i organiske material.

Kunstnaren vil montere verka i Galleri Elvetun, tirsdag – torsdag denne veka. Vi er alle invitert for å sjå korleis nokre av arbeida bli til.

Alle åra som har kledd steinane og skogsbunnen med mjuk mose, kan gi eit illusorisk inntrykk av tryggleik og ly. Mosedekket har stått imot all denne tida. Her finnast både fråvær og nærvær. – Marianne Skjong

Opning ved Galleri Elvetun: søndag 30. juni klokka 14. Utstillinga vil stå fram til 4. august

skjong_web

 

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.