Heimesjukepleie: helse i kvar grend

I Sykkylven kommune får omlag 200 personar hjelp frå heimesjukepleien. – Trenden er at fleire bur heime lengst mogleg, seier einingsleiar Solfrid Hammernes Utgård.

Frå venstre: Grethe M. Engeseth, Marit O. Hovland, Solfrid H. Utgård, Aina K. Klokk, Norlaug Ullavik, Rune Olafsen, Torhild H. Skogvold, Møyfrid K. Bakke, Sissel G. Roald, Linda T. Søvik

Til saman er det 28 årsverk i heimetenestene i Sykkylven. – Berre tre er menn, og vår oppfordring er at vi ønskjer oss fleire, fortel Solfrid Utgård. Frå venstre: Grethe M. Engeseth, Marit O. Hovland, Solfrid H. Utgård, Aina K. Klokk, Norlaug Ullavik, Rune Olafsen, Torhild H. Skogvold, Møyfrid K. Bakke, Sissel G. Roald og Linda T. Søvik. (Foto: Hanne Suorza)

Kvar dag er 13 personar på jobb i heimetenestene i Sykkylven. Dei gir pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma på Aure, Ikornnes, i Ramstaddal, Hundeidvik, Velledalen og Straumgjerde.

Når året er over har dei åtte tenestebilane gått til saman 240 000 kilometer.

- Vi kan nok trykke litt hardt på gasspedalen når stresset blir stort. Men vi prøver å halde oss til fartsgrensa! smiler Solfrid.

Ho ser at mange sel bustaden sin før dei har behov for hjelp. Det gjer det enklare å bu heime lenger.

Andre flyttar i tilrettelagt leilegheit på grunn av helseplagar.

Når behovet melder seg

Ei av dei er Elisabeth Krøvel. For eit år sidan flytta ho inn i eigen omsorgsbustad på Myremarka.

- Hadde det ikkje vore for heimesjukepleien måtte eg budd på Buas. Det kunne vore bra det, men er ikkje ønskeleg når eg er 62 år, seier ho.

To gongar i døgnet får ho hjelp til mellom anna mat og medisinar.

- Eg beundrar heimesjukepleiarane for godt humør, og at dei ikkje ber preg av å vere forkava. Med slik hjelp har eg eit godt liv, sjølv om eg treng tilførsel av oksygen, fortel Elisabeth, som meiner det ikkje finst bedre bygd enn Sykkylven.

- Det har eg sagt på sjukehuset mange gongar. Årsaka er at helseteama samarbeidar. Alle vil vel bu heime så lenge som råd er? spør ho.

Å vere trygg

Solfrid Utgård er einig. Ho trur at å bu heime er ønsket til dei aller fleste, og er glad for at heimesjukepleien kan bidra til tryggheit.

For dei tilsette er gode tilbakemeldingar gull verdt.

- Det gjer at arbeidet går lettare i ein hektisk kvardag. Men det er klart at ikkje alle er like førnøgde. Vi arbeider fortløpande med å kvalitetsikre tenestene, seier ho.

Ei utfordring er samhandlingsreforma med mål om at fleire skal få hjelp i heimkommunen. Pasientar blir skrivne ut frå sjukehuset mykje tidlegare enn før.

Talet på personar som får hjelp har auka med minst 40 i løpet av eit par år.

solfrid2

- Det er ein trend at fleire ønskjer å bu heime lengst mogleg. For at vi kan innfri det ønsket er det viktig at politikarane tilfører meir ressursar til heimetenestene, seier Solfrid Utgård. (Foto: Hanne Suorza)

Humor og helse

Både unge og eldre får besøk av heimesjukepleien. Enkelte er nettopp utskrivne frå sjukehus og treng hjelp til stell av sår eller intravenøs behandling. Ganske mange har ei kreftdiagnose, og nokre får hjelp i livet si sluttfase. Funksjonshemma kan ha behov for personleg assistent. Heimetenestene har også administrative oppgåver, for eksempel å tildele omsorgsløn og hjelpemiddel.

Medan nokre får tilsyn ein gong i veka, kan andre få hjelp åtte gongar i døgnet.

- Vi er heldige som har mange tilsette med god kompetanse. Dei er ein positiv, dyktig gjeng med mykje humor. Humor er ein viktig faktor i eit godt arbeidsmiljø. Det kjem alle til gode.

Tidsklemma

Solfrid trur fleire tilrettelagte bustadar, gode hjelpemiddel, velferdsteknologi, kvalifisert helsepersonell og hjelp frå frivillige organisasjoner blir viktig i tida framover.

Den aller største utfordringa er tidsklemma.

- Det vi har minst tid til er å sette oss ned og prate. Einsemd er ei stor utfordring i Sykkylven, og ikkje ei oppgåve det offentlege kan ta aleine. Den enkelte innbyggjar må ta eit tak, seier Solfrid Utgård i Heimetenestene Distrikt.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.