Sommaropning ved Naturhistorisk Museum

 300 dyr er utstilt ved Naturhistorisk Museum i Sykkylven. – Det finnast ikkje maken mellom Bergen og Trondheim. Vi får ofte høyre at utstillinga er ein gøymt diamant, seier avdelingsleiar Magnhild Vatne.

magnhildvatne_web

Magnhild Vatne (Foto: Hanne Suorza)

I dag, søndag 30. juni, er det sommaropning ved Naturhistorisk Museum. Utstillinga har ope til og med 4. august. Etter det blir den pakka ned og flytta til sentrum. Der blir dyra presentert på ein moderne måte om eit år.

Dagleg leiar Magnhild Vatne ser at mange barn likar å sjå på utstillingane, løyse bokstavjakt, pusle og sjå i fine dyrebøker.

fugl_web

Ikkje akkurat trekkfuglar, men uglene er i alle fall snart på flyttefot. Det finnast ti ugle-artar i Norge. Ni av dei er utstilt i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

- Kvifor bør vi ta turen til museet i sommar?

- Sommaren 2013 er siste sommaren på Elvetun. Det er no siste sjanse til å sjå desse unike utstillingane før alt vert plukka ned og flytta til nye lokale i løpet av hausten og vinteren. Eg vil også tru at dei som var på besøk for 10-20 år sidan, vil sjå at der både er nye dyr, fulgar og utstillingstema som er presentert. For barna har vi små aktivitetar som for eksempel bokstavjakt. Kunstinteressert eller ikkje – når ein først har løyst museumsbillett kan ein også få med seg kunstutstillinga i Galleri Elvetun.

Les meir her: Galleri Elvetun: sommarutstilling 2013 (Brabygd.no 24. juni 2013)

fjør_web

Ser du kva fugl som har mista desse fjørene? (Foto: Hanne Suorza)

- Kva kan vi sjå?

- Utstillingane viser norske pattedyr og fuglar. I kvar monter er det gjenskapt ein naturtype med terrengformer, vegetasjon, fugl og pattedyr. Dei aller fleste dyra er preparert av Stein Ivar Bakka og Torleiv Åsmo på 80- og 90-talet. Bakgrunnsmåleria er det Stein Kåre Nygård som har måla. Elles har vi ein liten bjørnekrok, lesekrok og puslekrok der ein kan setje seg ned. I tillegg til museet kan ein også sjå utstillingane i Galleri Elvetun. Marianne Skjong som er årets sommarkunstnar viser utstillinga «fieldnotes» med maleri og installasjon av ulike materiale, tydeleg inspirert frå naturen.

- Kva er bra med museet?

- Sjølv om det er døde dyr vi viser fram i museet, så er dei sett inn i utstillingane på ein god måte. Ingen av dyra er felt direkte for å bli preparert og utstilt i museet. Vi har enten fått dei gjennom fallviltordninga, frå politiet som har beslaglagt ulovleg felt vilt og frå Direktoratet for Naturforvaltning som administrerer felling av freda rovvilt. Det er ikkje tvil i at å oppleve dyr og fuglar ute i naturen gir dei største opplevingane. I museet får du større høve til å studere dei ulike artane, slik at du kanskje er betre budd til å kjenne dei att når du er ute i marka og på fjellet. Utstillingane gir ofte inspirasjon til å fortelje om eigne naturopplevingar til barn og barnebarn.

- Kven brukar å ta turen?

- Det er mest folk frå bygda som kjem innom, og folk som er heime med familien på sommarferie. Ofte er det besteforeldre med barnebarn som tek turen innom og får seg ei fin stund ilag i museet. Nokre tyske turistar finn også fram. Dei er gjerne på hytteferie i bygda.

naturhistoriskkollasj_web

Isbjørnar på nesten tre meter, ein mektig moskus og brunbjørn er blant dei 300 dyra som er utstilt ved Sykkylven Naturhistoriske Museum. (Foto: Hanne Suorza)

- De flyttar! Kva blir nytt og kvifor?

- 4. august er siste dagen vi held ope. Det vert sjølvsagt litt vemodig å flytte gjenstandar og rive utstillingane på Elvetun, men vi ser fram til samlokalisering med Norsk Møbelfaglig Senter i Strømmebygget i sentrum. Med eit slikt fellesskap kan vi nytte personalressursane bedre, vi kan ha heilårsope, og vi vert betre tilgjengeleg for fleire skular og sentrumsaktivitetar. Arbeidstittelen på dei nye utstillingane kallar vi for Mosaikk. Vi tenkjer oss elva sin veg frå fjellet til strandsona gjennom ein mosaikk av natur- og kulturlandskap. Utstillingane skal vere opnare, og vi tek sikte på at vi skal kunne variere deler av desse gjennom året. Vi vil også ha plass til aktivitetbasert formidling, som vi kan tilby ulike grupper, barnehagar og skuleklasser. Det er mykje som må gjerast og som skal på plass før nyopninga i 2014. Vi gler oss stort til dette.

Ope: Tysdag, onsdag, torsdag og søndag kl 12-16. Eller ved avtale.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.