Sykkylven kino opnar laurdag 8. juni 2013. Først ut er gratis framsyning av «Pelle Politibil på sporet».
På plakaten står også «The hangover Part III», «Epic» og «The Great Gatsby».
- Vi satsar på to framsyningar to gongar i veka. Det blir onsdag og søndag slik som i gamle dagar, seier kino-entusiast Ola Roald.
Torsdag kveld er han på plass i Sykkylven kulturhus saman med teknisk ansvarleg Kjell Stave og einingsleiar Halstein Kurseth i Sykkylven kommune. Dei siste detaljane skal på plass.
- Kinoen er eit etterlengta tilbod. Det er flott at vi no slepp å reise til andre kommunar for å sjå film, seier Halstein til brabygd.no
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Kinoen har 212 sitteplassar i amfien. Sete 1 -10 er på høgre side av midtgangen, og sete 11-20 på venstre side. (Foto: Kjell Stave)
Kinoen er drifta av Sykkylven kommune. Ola og Kjell vil ha ansvar for kinoen kvar sine veker. Det heile blir styrt digitalt på ein iPad.
Dei siste åra har alle kinosalar i Norge blitt digitalisert. Halstein seier at projektoren har ei oppløysning på 4K, som gir kinoen i Sykkylven bedre bilde enn dei fleste andre stadar i Norge. Han er glad for å ha kome i mål etter ein lang prosess med etablering av det nye tilbodet.
Sykkylven kulturhus:
Laurdag 8.6:
Klokka 16: Pelle Politibil på sporet.
Klokka 19: The Hangover Part III
Søndag 9.6:
Klokka 17: Epic – Skogens hemmelige rike (3D)
Klokka 20: Den store Gatsby
Ordførar Petter Lyshol vil opne kinosalen.
Ei ny nettside er under etablering. Enn så lenge kan du bestille billettar på Sykkylven kino si facebookside. Gjeld også Pelle Politibil.
Les meir om filmane her.