Norsk møbel: Her er planane for nytt kompetansesenter i Sykkylven

Allereie i haust kan ekspertise innan norsk møbelindustri bli samla under eitt tak i Sykkylven.

Brabygd.no gir i dag ei kortfatta oversikt over planane for det nye Inspirasjons- og kompetansesenteret for norsk møbelindustri:

Kompetansesenter1_web

Det nye Inspirasjons- og kompetansesenteret er planlagt i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken. Målet er eit eige signalbygg på sikt. (Foto: Hanne Suorza)

Stikkord er produktutvikling, forskning og utvikling, produksjon, design og materialkunnskap.

harald Espeland er dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling. Han arbeider med etablering av nytt Inspirasjons- og kompetansesenter i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Harald Espeland er dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling. Han arbeider med etablering av nytt Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri. (Foto: Hanne Suorza)

Produktutvikling

- Det blir etablert ei PU-avdeling i kompetansesenteret.

- Der kan industrien kjøpe tenester. Det kan vere heile eller delar av prosessen med å utvikle eit nytt produkt.

- I dette PU-miljøet vil både juniorar og seniorar bidra med kompetanse. Til dømes underleveandørar i møbelbransjen som sit på spisskompetanse.

- Det er viktig for at denne delen av senteret blir ein attraktiv rekrutteringsbase for industrien.

Forskning og utvikling (FoU)

- FoU-kompetanse Møre er i dag eigd av Sykkylven Industri- og næringslag, og kan bli del av det nasjonale kompetansesenteret.

- Arbeidet med å gi bedrifter i Sykkylven hjelp til å organisere gode forsknings- og utviklingsprosjekt er godt i gang.

- Slike prosjekt er viktige for innovasjon og konkurransekraft.

- Gode FoU-prosjekt kan gå på tvers av bedrifter med felles interesse.

Les meir her: Innovasjon i Straumgjerde (brabygd.no, 15. mai 2013)

Les meir her: Ein million kroner til nytt kompetansesenter (brabygd.no, 13. desember 2013)

Produksjon

- Kompetansesenteret skal vere ein samarbeidsarena innan ulike fagfelt knytt til produksjon.

- Sykkylven Næringsutvikling har allereie etablert eit nettverk innan automasjon. Dette vil bli videreutvikla i kompetansesenteret.

- Ein prosjektleiar vil ha ansvar for fagleg tilbod, og invitere til samlingar med fagleg påfyll.

- Referansegrupper vil gi innspel om aktuelle tema.

Amatec og Ekornes samarbeider om forskning på ny sømteknologi. Her er Leif-Jarle Aure (Ekornes) i samtale med Tor Ronny Gjelsenli (Amatec). Bak ser vi Terje Riksheim (Amatec) Kenneth Revne (Ekornes) og Svein Even Blakstad (Amatec) (Foto: Hanne Suorza)

Amatec og Ekornes samarbeider om automasjon og forskning på ny sømteknologi. Her er Leif-Jarle Aure (Ekornes) i samtale med Tor Ronny Gjelsenli (Amatec). Bak ser vi Terje Riksheim (Amatec) Kenneth Revne (Ekornes) og Svein Even Blakstad (Amatec) (Foto: Hanne Suorza)

Design

- Gjennom prosjektet «Design-create-live» kan området ved Berlihuset bli utvikla. Der skal unge designarar frå inn-og utland kunne bu og utvikle seg som skaparar av gode produkt.

Les meir her: Vil bygge inkubator for norsk møbeldesign i Sykkylven (brabygd.no, 29. april 2013)

- Satsinga skal lette rekrutteringa av god designkompetanse til møbelindustrien.

- «Design-create-live» er eit nasjonalt samarbeid. Norske Interiørarktitekters Landsforening (NIL), Norsk Designråd og kunsthøgskulane er blant dei som vil bli invitert med i den vidare planlegginga.

Planen er å utvikle området ved Berlihuset på Klokkarhaugen. Nye idear skal få blomstre. (Foto: Hanne Suorza)

Planen er å utvikle området ved Berlihuset på Klokkarhaugen. Nye idear skal få blomstre. (Foto: Hanne Suorza)

Materialkunnskap

- Møbellaboratoriet i Sykkylven har i dag solid materialkunnskap. Møblar frå heile landet blir testa og kvalitetsikra.

- Denne tenesta kan bli vidareutvikla som ein del av senteret, mellom anna ved å etablere eit kvalitetstempel.

- Kompetansesenteret skal innhente informasjon om nye materialar og halde bransjen oppdatert.

- Ei årleg utstilling vil syne nye materialar på marknaden. Leverandørar kan komme og vise fram sine produkt.

tekstiler_web

(Møbelstoff/ Foto: LK Hjelle)

Organisering:

- Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri er planlagd i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken. Langsiktig mål om eige signalbygg i Sykkylven.

- Ein dagleg leiar vil bli tilsett.

- Finansiering: sal av 3-årige medlemskap/grunnpakkar for aktørane i møbelindustrien.

Vi gjer merksam på at dette er utdrag av dei førebelse planane. Endringar kan kome.

Kjelde: Forretningsplan. Harald Espeland, Sykkylven Næringsutvikling AS.

Les også: Forskningsrådet satsar på ny møbel-klynge. (brabygd.no 8. juni 2013)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.