Smeis, før nøkre ord!

Ka du fenkulera med i helga? He du uppesete? Håpe du veit å live dej me!

Boka «Ord og uttrykk i Sykkylven» samlar mange gullkorn.

Det beste eksempel

på dumskap og jål,

er å fornekte sitt

heimlege mål.

Det var Sykkylven Sogenemnd som gav ut boka i 1999. I føreordet skriv forfattar Jan Grebstad at heimemålet vårt er ein kulturarv som nye generasjonar vert meir og meir uvitne om.

Dei gamle orda og uttrykka var ofte svært presise og gjorde det lett å få fram nyansane i det som blei sagt. Mykje kunne seiast med få ord, når berre dei rette vart brukte:

Oppesete (uppesite) hokj. Det å sitje oppe om kvelden. Ongdominj ha` uppesete laurdagskveldanje.

Finkulere (fenkule:´re) v. Pusle med noko, røyve borti (med hendene) Ka du fenkulera burti, dinj handeklå.

Handeklå hankj. Person som må fikle og ta borti alt.

Live v. Spare seg, kvile seg. Hanj visste no å live sej me`.

Pikk hankj. Uvilje, nag, hat. Hanj he jamt hatt enj pikk te dei i grannjegarda.

Spole hankj. Livleg, humoristisk kar.

Tahjle adj. Tasle, fattigsleg, enkelt. Det va nøkso tahjle innji støvinnje deira.

Rumpetong (rompetång) hokj. Reim på hesteselen som går rundt rumperota. (halerota) på hesten.

Øy meg utropsord. Brukt i uttrykk for å syne medkjensle. Øy mej då, fÿr ei stakkars krøkje, døkke!

Åtkomen adj. Opprådd, som er komen i knipe.

Amons (a:`mons) adv. Amvunds, for seint, over tida. Fiskjin vil`d ikkje bite fÿr det va som amons.

Baldre v. Bråke, lage rabalder. Det va fole kur dei baldra når dei sku`sete stolanje på plass att.

Øsekøpp hankj. Øsekopp, tøysemakar. Hanj va enj øsekøpp. Alje stess hanj kom vart det lått og løye.

Fim hankj. (fi:m) Tøvete person. Hånå vert det ikkje nøke ta, hanj e bærre enj fim.

Storseggje hokj. Fin frue, byfrue.

Struple v. Snakke tull, tyte. Nei, no strupla du.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

dialekt_kollasj2

Hilde Hatlemark har produsert skjorter med ord og uttrykk frå Sykkylven. Dei er designa av dei fole flenke sykkylvstausene Gro A. Thoresen, Trude Roald og Silje Fet. (Foto: Ingunn Selsbakk-Hansen/ Hilde sine dialektskjorter)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.