Storkontrakt til Nyborg AS

Nyborg AS leverer ventilasjon til verdas største bilskip. Det skriv Sunnmørsposten.

nyborg

I følge avisa er det Høegh Autoliners som skal byggje verdas største bilskip i Kina. Skipet har plass til 8500 bilar.

Marknadsdirektør i Nyborg, Bjørn Johnsen, seier til Sunnmørsposten at ventilasjonsanlegget skal ventilere i både lasterom og maskinrom.

- Vi konkurrerer i ein tøff marknad. Eg trur vi fekk dette oppdraget på grunn av at vi kan vise til kompetanse, kvalitet, fleksibilitet og god leveringstid. Og sjølvsagt fordi vi vi har ein fornuftig pris.

Kontrakten, som omfattar levering til i alt seks skip, har ein verdi på 50 – 60 millionar kroner.

Teknisk produktsjef, Ole M. Klokk, har i lang tid arbeidd med reiarlag, konsulent og verft.

Nyborg AS har 30 tilsette i Sykkylven, 150 i Polen og eit par i Tomrefjord.

I Sykkylven arbeider norske og polske ingeniørar med produktutvikling. Også sal, innkjøp, marknadsarbeid, prosjektoppfølging og utvikling skjer i bygda. I ei mindre produksjonsavdeling blir det jobba med meir spesilaliserte produkt særleg retta mot offshoremarknaden.

Gode ventilasjonsanlegg skal mellom anna redusere utslepp, bruke mindre energi, krevje lågare vedlikehaldskostnadar og dekke krav til HMS.

Bedrifta blei etablert av Alfred Nyborg for 66 år sidan. Då var Nyborg ei mekanisk bedrift med leveransar av mellom anna verktymaskiner og ventilasjon til dei mange møbelbedriftene i bygda. Men i den seinare tid har altså bedrifta spesialisert seg på ventilasjonsanlegg, spesielt til den maritime marknaden.

Dette melder Sunnmørsposten, 19. juni 2013.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.