Straumgjerdedagane: Tar du sjansen?

- Dette er ei slik helg der vi kjenner at no, no er det sommar!

Det var Ocea Aqua Service som gjekk av med sigerern i 2012. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Det var Ocea Aquaservice som gjekk av med sigeren i 2012. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Straumgjerdedagane blir arrangert i helga, 21.-23. juni.

At midtsommaren skal feirast er soleklart.

Martin Brunstad Høydal i Straumgjerde Vel, fortel at det meste av frivillige lag og organisasjonar i krinsen går saman om andeslepp, båtkonkurranse, jonsokfeiring og Ta Sjansen; eit show der deltakarane kastar seg i laguna i heimesnikra båt.

- Dette er ei slik helg der vi kjenner at no, no er det sommar, seier han.

Martin Brunstad Høydal og Henning Tandstad er nestleiar og leiar i Straumgjerde Vel. Sandvolleyballbana er klar til match. (Foto: Straumgjerde i Vinden)

-Martin Brunstad Høydal og Henning Tandstad er nestleiar og leiar i Straumgjerde Vel. Sandvolleyballbana er klar til match. (Foto: Straumgjerde i Vinden)

Straumgjerde Vel, Ungdomslaget Samhald, VRF, Helselaget og Straumshorn/Velledalen Skulekorps er blant dei som står på for å skape innhaldsrike dagar for heile bygda.

Martin meiner at arrangementet er enda eit bevis på sterk dugnadsånd.

- Det er dessutan kjekt å sjå kor positive næringslivet i kommunen er. Dei stiller opp med sponsing, båtar og premiar. Bedriftene i Sykkylven ser verdien i frivillig arbeid.

Brøvøll ladar opp før festivalen fram i dalen, 28.-29. juni. (Foto: Foto Per Magne Drotninghaug)

Brøvøll ladar opp før festivalen fram i dalen, 28.-29. juni. (Foto: Foto Per Magne Drotninghaug)

Fredag: Paintball, grilling og aktivitetar for ungdom.

Laurdag: Ta Sjansen i laguna. Loppemarknad. I ein bokauksjon blir det sal av eit lite opplag bøker av Henrik Straumsheim som ikkje lenger i handel. På programmet står også andeslepp. 1000 nummererte plastender skal segle frå Fetvatnet, ned elva Straumen, før dei blir plukka opp i sjøen. Premiering. Musikk ved Saft Suse. Grillmat ved laguna og elva.

Midtsommarfeiring på Slettegjerde klokka 16. Sal av grillmat, rjomegraut og spekemat, kaker og kaffi. Det blir leikar for born og hoppeslott. Musikk på sletta, jonsokbål og fotballkamp mellom vaksne og barn.

Søndag: Motbakkeløpet «Opp på Bruna» til høgda over Straumgjerde byrjar om lag klokka 11. Konkurranseklassa startar klokka 11.15.

Andesleppet Foto Per Magne Drotninghaug

Kjøp ei and og la den vandre. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Utfordrar politikarane

Sidan det er val i år, har alle dei politiske partia i Sykkylven blitt utfordra til å konkurrere.

- Det er sjølvsagt ein aldri så liten sjanse for å hamne i dammen. Vi er spente på kva parti som viser handlekraft og mot! Sist var det Arbeiderpartiet som stilte med doning. No håper vi at også fleire hiv seg med, oppfordrar Martin Brunstad Høydal i Straumgjerde Vel.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

(Foto: Foto Per Magne Drotninghaug)

(Foto: Per Magne Drotninghaug)

Beth-Kristin-Tandstad,-Mart

Beth Kristin Tandstad, Martin Brunstad Høydal og Henning Tandstad. (Foto: Straumgjerde i Vinden)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.