Sykkylven får 1,75 millionar til bulystprosjekt: – Ny satsing på møbeldesign blir realitet

Planen er å utvikle området ved Berlihuset på Klokkarhaugen. – Svært gledeleg, seier Harald Espeland, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling.

haraldespeland_web

Harald Espeland kan smile over 1,75 millionar kroner til bulystsatsing i Sykkylven. Han har stått i spissen for ei omfattande strategivurdering, som ligg til grunn for søknaden. (Foto: Hanne Suorza)

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som deler ut midlar til prosjekt som kan skape bulyst i distriktskommunar.

Sykkylven Næringsutvikling får 1,75 millionar kroner til prosjekt Skaparglede.

Prosjektet rettar seg inn mot ungdom, og er vidare spissa inn mot møbelbransjen.

- Dette betyr at vi kjem i gang med «Design-create-live» – ei viktig satsing i det som vil bli eit nytt kompetansesenter for norsk møbelindustri, seier Harald Espeland.

I det gamle, ærverdige Berlihuset skal nye idear få blomstre. Ferske designarar kan få tilbod om å bu i møbelbygda for å skape gode produkt. I Sykkylven vil dei dra nytte av eit sterkt fagmiljø innan produktutvikling, både når det gjeld trebearbeiding, stål/metallkonstruksjonar, skumplast, søm og produksjonteknisk kompetanse.

Målet er å sikre viktig rekruttering og at fleire butset seg i Sykkylven på sikt.

Les meir: Vil bygge inkubator for møbeldesign i Sykkylven (brabygd.no 29. april 2013)

berlihuset_web

Det er møbeldesignar Svein Asbjørnsen som eig Berlihuset, der han også har arbeidsplass. (Foto: Hanne Suorza)

- Imponert over kreativiteten

I følge stortingsrepresentant frå Senterpartiet, Jenny Klinge, har Sykkylven arbeidd målretta for å gjera kommunen attraktiv både for dei som bur der frå før og for å tiltrekke seg nye folk. Det at Sykkylven Næringsutvikling no får 1,75 millionar kroner til Prosjekt Skaparglede viser at dei har gjort ein solid jobb med søknaden og at det er grunn til å ha tru på prosjektet.

Ho er imponert over kreativiteten og kvaliteten som møbelindustrien i Sykkylven står for. Prosjekt Skaparglede vil leggje til rette for meir kreativitet, nyskaping og rekruttering av kvalifiserte folk. Jenny Klinge meiner at dette er vesentleg for at møbelindustrien skal kunne utvikle seg godt framover.

jennyklinge

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet. (Foto: Bernt Sønvisen)

Om fritidstilbod på nett

Bulystprosjektet inneheld også ei vidareutvikling av nettstaden skaparglede.no. Der vil vi finne informasjon om fritidstilbod og turløyper i Sykkylven. Dette vil også dei mange tilflyttarane i kommunen ha glede av.

- Vi treng heile tida tilførsel av ny kompetanse. Då er det viktig at dei som ønskjer å busetje seg her veit kva som skjer i bygda, seier Harald Espeland.

Kommunal- og regionaldepartementet har i år motteke 130 søknadar til Bulystsatsing. Det er sett av 55 millionar kroner til 49 prosjekt rundt om i landet.

Sykkylven Næringsutvikling søkte om 2,1 millionar kroner.

Regjeringa har lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid.

I 2011 fekk prosjekt Skaparglede innvilga bulystmidlar til eit forprosjekt. Sidan då har Sykkylven Næringsutvikling arbeidd med pilotprosjekt, kreative prosessar og strategi. Det har gitt eit nødvendig grunnlag for ei spissa satsing.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.