Sykkylven Stål første aksjonær i nytt kompetansesenter

- Ei ære å få vere den første aksjonæren som går inn i denne satsinga, seier Karl Inge Rekdal, administrerande direktør i Sykkylven Stål AS.

rekdalogskog_web

Administrerande direktør Karl Inge Rekdal og fabrikksjef Lars Magnus Skog eig 75% i Sykkylven Stål. Denne veka har dei saman med resten av styret vedteke å kjøpe aksjar i nytt kompetansesenter for norsk møbelindustri. (Foto: Hanne Suorza)

No håper han at dei andre aktørane i bransjen også blir med, slik at det nye kompetansesenteret for norsk møbelindustri raskt kan sjå dagens lys:

- Det handlar om å investere i eiga framtid. Vi ønsker å satse innan møbel og å videreutvikle ein vital møbelbransje her i landet, seier Rekdal.

Sykkylven Stål skal ikkje berre gå inn med aksjekapital, men vil også aktivt bidra til at senteret blir etablert og at det blir ein motor i utviklinga når dørene opnar.

Det nye kompetansesenteret for norsk møbelindustri skal bidra til utvikling innan materialkunnskap, forskning og utvikling, design, produktutvikling og produksjonsløysingar.

Les meir her: Her er planane for nytt kompetansesenter i Sykkylven (brabygd.no 9. Juni 2013)

sykks_web

Øverst frå venstre: Linn Kristin Tårnes, Christine Skarseth, Inger Sjøli og Tor Skinnes. (Foto: Hanne Suorza)

Lokalt engasjement

Eit av måla til Sykkylven Stål er nettopp å bidra til positiv samfunnsutvikling, og då ikkje minst konkurransedyktig industri og næringsliv.

Dei siste åra har bedrifta gått gjennom ei strategisk omstillingsfase. 2,6 millionar i underskot i 2010, blei snudd til ein halv million i overskot i fjor.

- Vi er inne i ei positiv utvikling, og har eit høgt teknologisk nivå, god kompetanse og rask levering med fokus på rett kvalitet, seier Karl Inge Rekdal.

Blant nye kundar er Coop, som har bestilt butikkinnreiingar til 80 butikkar i år og 180 neste år. Ein langsiktig avtale med Rolls-Royce er også i havn.

Til møbelbransjen står Sykkylven Stål for mellom anna rammeproduksjon, rørbøying, sveising, montering av komponentar og overflatebehandling.

37% av kundane finn vi i møbelindustrien. Den maritime klynga står for 32% av ordrane, verkstad 21% og skulemøbel 9%.

sykks2_web

Øverst frå venstre: Kjell Jarle Skinnes, Aleksander Melseth, Valentin Ifrim, Petter Løvold og Karl Andre Tafjord. Øverst til høgre: Kamilla Skog. Nede til venstre: Stian Fjellingdal, Vidar Sandvik, Lars Welle og Vegard Aasen. Nede til høgre: Karsten Fet. (Foto: Hanne Suorza)

Brikkene fell på plass

Karl Inge Rekdal, som har lang erfaring frå leiarstillingar i næringslivet, kom til Sykkylven Stål i 2004. Han meiner møbelbransjen har ei stor framtid i Norge dersom det blir gått saman om viktige satsingar.

- Initiativet om å etablere eit nytt nasjonalt kompetansesenter er nettopp det vi treng: ein felles utviklingsmotor, slår han fast.

I følge dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Harald Espeland, vil det bli ein aktiv runde med aksjeteikning for kompetansesenteret i haust. Han håper å møte mange med den same offensive haldninga som han har møtt hos Sykkylven Stål.

- Vi gjer dette for bransjen, så vi er heilt avhengig av at aktørane ser nytta i å satse saman på å utvikle næringa, seier Harald Espeland.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.