- Laurdag 15. juni kan du verkeleg gjere eit røvarkjøp, seier Ole Bjørn Roald i Ekornes.
Det er første gang at møbelprodusentar i Sykkylven går saman om eit felles utsal.

- Kvar av produsentane har 150 kvadratmeter til disposisjon i hallen. Det er snart eit mål med møblar, seier Ole Bjørn Roald.
På Storhallen vil du finne utstillingsmøblar, prøvemodellar, returvarer eller utgåtte modellar, som ikkje kan seljast gjennom forhandlarar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Furnia, LK Hjelle, IMG, Brunstad, Ekornes, SIL Fotball (teknisk arrangør), Handelsforeininga og Sykkylven Næringsutvikling.
- Vi reknar med at heile Storhallen blir full. Berre Ekornes skal selje to-tre trailerlass med møblar. Dette blir nok Norges største møbeloutlet, seier Ole Bjørn til brabygd.no
Klokka 12 og 14 blir det auksjon. Det blir sett ein minstepris på eit utval møblar frå kvar av produsentane. Ein auksjonarius vil ta i mot bod.
Ole Bjørn fortel at eit outlet lenge har vore diskutert i Sykkylven Næringsutvikling, der han er styremedlem.
- Vi trur at dette arrangementet kan skape blest om skapargleda og møbelproduksjonen i bygda. Samtidig håper vi at dette kan bidra til å trekke både bygdefolk og tilreisande til Sykkylvsdagane, seier Ole Bjørn Roald.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER