Det har blitt tradisjon at borna har første programpost under Sykkylvsdagane.
Sykkylvsdagane opnar onsdag 12. juni klokka 18. Alle dei sju barneskulane i Sykkylven stiller med kulturelle innslag.
Ved Ullavik skule er fjerde og femte klasse i full gang med finpussen.
- Det er fint for elevane å framføre det vi har arbeida med. Dessutan er det kjekt å sjå innslaga til dei andre skulane, seier lærarane Hanna Støylen Ebbesvik og Elise Fauske Rotevatn.
Elevane frå Ullavik skule vil framføre songen «Superhelt». Denne skal dei også synge under Enovas Regnmakerdag i Ålesund på torsdag. Der vil dei lære meir om klima og energisparing, vere med på aktivitetar og sjå eit stort show med kjende artistar. Elevar frå Aure skule tar også del i arrangementet, som blir filma av NRK Super.

Femteklassingane Adrian Kvalsvik Brunstad, Elise Garte og Kristina Haram Johansen gler seg til Barnas kulturdag.
- Vi skal synge og danse. Sykkylvsdagane er kjekt! Vi skal prøve karusellar og kjøpe godteri frå utlandet, fortel dei. (Foto: Hanne Suorza)
Populært
Omlag 750 personar bruker å ta turen til teltet for å sjå born, sysken og barnebarn opptre under Sykkylvsdagane.
Musikkleiar i Sykkylven kommune, Åge Frøystad, set pris på det kulturelle arbeidet i skulen, og meiner at det å presentere framfor publikum er ei viktig erfaring.
- Å ta del i ein sceneproduksjon er utviklande for personlegdommen til den enkelte elev. Å skape noko saman med andre er god samarbeidstrening. Barnas kulturdag gir ein felleskapsfølelse, seier han.
Sykkylvsdagane blir arrangert onsdag 12.6– søndag 16.6.
Les meir om Sykkylvsdagane på brabygd.no i morgon, tysdag 11. juni.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER