- Det er kjekt og viktig at så mange stiller på dugnad, seier Vidar Hovland, leiar i Sykkylven Idrottslag (SIL).
SIL er eit av mange lag som bidrar til at Sykkylvsdagane blir eit vellukka arrangement.
Under årets møbeloutlet er SIL fotball teknisk arrangør. I Storhallen stiller 50 personar på dugnad i løpet av helga.
Hundrevis av stolar, sofaer, bord og skap skal på plass. I morgon er det venta storinnrykk. SIL vil hjelpe til med sal av møblar og forfriskingar i kiosken. Søndag er det tid for opprydding.
Les meir her: Norges største møbeloutlet. (brabygd.no 11. juni 2013)
Arrangementet er eit samarbeid mellom Furnia, LK Hjelle, IMG, Brunstad, Ekornes, SIL Fotball, Handelsforeininga og Sykkylven Næringsutvikling.
Møbelbedriftene lovar billigsal frå klokka 10. Klokka 12 og 14 blir det auksjon. Det blir sett ein minstepris på eit utval møblar frå kvar av produsentane. Auksjonarius Magnar Kvalvåg vil ta i mot bod.
I sentrum er turngruppa i gang med å rigge telt og grille pølser. Mange av foreldra til dei 650 borna i SIL er engasjerte i dugnadsarbeidet.
– Heldigvis er dei aller fleste positive og ser at dette er viktig for å halde kostnadane med kontigent og treningsavgift nede. Outleten gir oss ei kjærkomen inntekt som er viktig for at vi kan vere ein breiddeklubb der alle er velkomne og har råd til å vere med, seier Vidar.
Ein del av overskotet frå møbelsalet går til SIL.
Marknadsjef i Brunstad AS, Egil Ulvestad, er glad for samarbeidet.
- Mange legg ned eit stort tal timar i frivillig arbeid gjennom året. Dette er ei fin moglegheit for næringslivet til å støtte bygda, seier han.
NB! Kunden står for frakt av møblar. Storhallen vil vere open for henting søndag klokka 12-15.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER