På Facebook-sida ”Sykkylven i bilder” deler hobbyfotografar bilder frå ei bra bygd.
Det var i fjor vinter at Agnes Hoseth og Kai-Ove Vågsæther la ut dei aller første blinkskota. Sidan då har små og store hobbyfotografar delt omlag 500 fotografi.
Agnes og Kai-Over er begge tilflyttarar i Sykkylven. Ho kjem frå Rennebu i Sør-Trøndelag og han frå Stranda.
Ideen om nettsida fekk dei frå heimbygda til Agnes.
- Vi tenkte at ei slik gruppe måtte vere midt i blinken her i bygda også. Vi har ei vakker bygd med mange flinke hobbyfotografar. Vi visste også at det var mange flotte bilder av Sykkylven på Facebook som fortente eit større publikum, seier dei to.
Agnes og Kai-Ove fortel at deira store glede er borna og turar ute i naturen, gjerne med eit fotoapparat i handa.
- Bileta på Facebook famnar om vakre fjell og djupe fjordar. Vi ser sætrar og tjern vi knapt visste eksisterte. Bileta speglar også alle årstidene og små og store underverk i naturen. Mange legg ut bilder av soloppgang, solnedgang, nordlys over bygda, stjerneklare netter, solskinnsdager og dagar der skodda heng langt ned i fjella.
Agnes og Kai-Ove er glade for at “Sykkylven i bilder” representerer heile Sykkylven kommune. Slik får vi alle ei moglegheit til å bli bedre kjent med bygda vår.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Månelys. Foto: Hallvard Sandvik

- For oss «solnedgangstilbedarar» er den eine kvelden ikkje lik den andre. Foto: Arild Bergstrøm

Vakre Vassætra, langfredag 2013. Foto: Marianne Holmen