Då er det ferie! Riktig god sommar!
Det er viktig å koble av. Hente inspirasjon og energi til å ta fatt på nye, spennande prosjekt…
I sommar er planen å sitte i strandkanten og sjå på bølgene. Kjenne på pulsen i ein europeisk storby. Vere saman med gode venner og fin familie. Spele høg musikk. Danse. Lese bøker. Trene. Gå i fjellet. Svømme. Nyte herleg mat og bobler i glaset. Det er for meg ein fin ferie!
Eg kjenner meg inderleg takknemleg om dagen. Mellom anna fordi det er ei stor glede å jobbe med brabygd.no. Det er givande å møte så mange engasjerte sambygdingar. Tusen takk til deg som les, for alle gode bidrag og hjartelege tilbakemeldingar.
Tilbake i august!
Med denne fine filmen ønskjer eg deg varme, rause sommardagar! Små ord kan bety ganske mykje, ikkje sant? Hanne