Sykkylven vidaregåande skule med beste søkjartal på sju år

Elevundersøkingar viser at det er høg trivsel ved Sykkylven vidaregåande skule. Det bidrar til at stadig fleire ungdommar søkjer studieplass i bygda.

svgs_web

SVGS får ny fasade. Rektor Barbro Midtgård seier at Møre og Romsdal fylkeskommune ser ut til å satse på den vidaregåande skulen i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Susanne Søreide Hjelle har nyleg avslutta tre år ved skulen. Ho har vore nestleiar i elevrådet og har mykje positivt å sjå tilbake på.

- Mange tenker nok at skulen er kjedeleg med rundt 200 elevar, men dette gjer berre skulen betre! Lærarane set av meir tid til den enkelte elev. Vi kjem nærare og får ein følelse av at alle kjenner alle, seier ho.

I tillegg til eit trygt miljø, nemner ho interessant undervisning, hyggelege lærarar, mykje prosjektarbeid og god oppfølging. At elevane blir lytta til og at administrasjonen er positiv til endring er også viktig.

Susanne trekker fram utvekslingsprogrammet Comenius som eit godt minne.

- Dette er nok det mest positive med den tida eg var elev. Å reise til Belgia var svært lærerikt. Eg vaks som person, lærte om andre kulturar og engelsken blei drastisk forbetra, seier Susanne.

susannehjelle_web

Susanne Søreide Hjelle har opplevd miljøet ved Sykkylven vidaregåande skule som nært og trygt.

Omsorg og krav

Sist skuleår var det 262 elevar ved Sykkylven vidaregåande skule (SVGS). Det er 57 fleire enn for fem år sidan. Søkjartala for 2013 er dei beste på sju år og viser at det blir ny auke i elevtalet.

Rektor Barbro Midtgård ser at skulen blir ein stadig bedre læringsarena for elevar og lærarar.

- Ved å gå saman mot felles mål på ein konstruktiv måte blir skulen betre for alle. Elevane opplever at lærarane bryr seg om at dei skal lukkast på skulen. Det handlar om omsorg, tydelege krav og forventningar, seier ho.

barbro_web

Ved sidan av rektorjobben, er Barbro Midtgård i gang med meir utdanning. Ho har fullført rektorskulen ved BI og held fram med ein master i skuleleiing. (Foto: Hanne Suorza)

Alle tilsette ved skulen har arbeidd målretta over tid. Bruk av LØFT-metodikk (løysingsorientert fokustilnærming) har vore avgjerande. Dei siste åra har kjende pedagogar vore invitert til personalseminar. Tema har mellom anna vore læringstrategiar, klasseleiing, samarbeidskultur og relasjonskompetanse.

- Det er viktig å ha fokus på det vi får til og på kva som må til for å bli betre, seier Barbro.

Operasjon Etiopia

Sykkylven vidaregåande skule har i mange år satsa på samarbeid med skular i Europa. Sist skuleår blei blikket retta mot Afrika. Gjennom eit treårig prosjekt skal SVGS samle inn pengar for å byggje ein skule i Etiopia. Kvart år vil to elevar reise for å sjå til arbeidet. I fjor fekk Susanne ei oppleving ho ikkje ville ha vore forutan.

- Reisa til Etiopia var med på å forandre livet mitt. Med slike prosjekt får ein lyst til å vere elev ved den lille, men samstundes fantastiske skulen i Sykkylven, seier ho.

Høg trivsel

Resultat frå årets elevundersøking viser at mange har det godt ved Sykkylven vidaregåande skule.

På spørsmålet ”Trivst du godt på skulen?” er snittet 4,18. (5=svært godt) Tilsvarande tal frå 2007 er 3,93.

Undersøkinga viser ei positiv utvikling på fleire hald. Fleire enn før svarar at dei trivst godt saman med lærarane, at dei kjenner kompetansemåla og får hjelp i faga når dei treng det. Få elevar melder at dei blir utsett for urettferdig behandling.

- Trivselen er svært viktig. Den legg grunnlaget for at elevane skal lære. God dialog mellom elev og lærar er avgjerande. Eit velfungerande elevråd er også med på å skape ein betre skule. I fjor var det ”kamp” om å bli valt inn i elevrådstyret. Vi har fine lokale og ei flott kantine. Godt samarbeid med skular i utlandet, og med det lokale næringslivet skapar også trivsel, seier Barbro.

Som elev kan Susanne bekrefte at trivselen er god.

- Det har blitt bevist gong på gong. Og det er nettopp dette som gjer skulen så kjekk å vere elev ved. Det gir også eit grunnlag for gode og stødige karaktersnitt, seier Susanne Søreide Hjelle.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2019 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.