Gladmelding! Les om fritidstilbod på skaparglede.no og brabygd.no

Har du sett dei flotte panoramabilda til fotograf Arild Solberg på skaparglede.no? Snart blir nettstaden lenka til brabygd.no

stavekollen

Slik ser framsida på skaparglede.no ut i dag. Sida blir no vidareutvikla. Utsikt frå Stavekollen. (Foto: Arild Solberg)

Vi er i full gang med å lage ein guide om dei mange fritidstilboda i Sykkylven. Nokre turløyper blir også med i oversikta.

Aktivitetar og turløyper vil bli merka på dei sylskarpe bilda i 360-grader på nettstaden skaparglede.no. Ved eit klikk kan du lese tilhøyrande reportasjer her på brabygd.no.

Det betyr nytt samarbeid – og meir tekst og foto frå den vakre bygda vår!

aurenakken

Utsikt frå Aurenakken. (Foto: Arild Solberg)

Bulyst

Det er Sykkylven Næringsutvikling (SN) som er oppdragsgivar. Prosjektet er ein del av den nye bulyst-satsinga, som regjeringa har valt å investere i.

Harald Espeland, dagleg leiar i SN, fortel om ei vidareutvikling av nettstaden skaparglede.no.

- I dag kan vi sjå den mektige naturen i Sykkylven. I tillegg har bedriftene moglegheit til å legge inn punkt for å vise seg fram i dette skaparglede-landskapet. No utvidar vi konseptet ved å synleggjere alt av fritidstilbod og ein del turløyper, seier han.

råna

Ein del turløyper vil bli merka på flotte fotografi. Her ser vi Råna. (Foto: Arild Solberg)

Jobb og fritid

Brabygd.no tar også eit steg vidare: tekstane om fritidstilbod blir på norsk og engelsk.

Denne oversikta vil bli nyttig både for oss som bur her, for tilflyttarar og dei som vurderer å busetje seg i Sykkylven.

Prosjektet har også verdi for bedriftene i bygda.

For at folk skal søke jobb i Sykkylven og bli verande, er det viktig å synleggjere kva tilbod vi har etter arbeidstid. Trivsel på fritida er grunnleggande.

Harald Espeland seier at dette er viktig å kommunisere i kampen om kompetansen. Næringslivet i Sykkylven er på lik linje med alt anna næringsliv avhengig av å trekke til seg dei beste hovuda. Det er kompetanse som skaper suksessbedrifter, slår han fast.

Vi håper å vere på nett om nokre veker. Følg med!

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

hundeidvik

Hundeidvik. (Foto: Arild Solberg)

 

 

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Venter i spaning på den nye kulturguiden. Glimrande initiativ frå Sykkylven næringsutvikling og Brabygd.no. Få fram alt som skjer i Sykkylven, og eg er viss på at vi kan trekkje til oss folk frå alle delar av landet. Vi deler gjerne godane:-)

    • Tusen takk for hyggeleg kommentar Eldar! Ja, Sykkylven har mykje å by på. Her er mange med stort engasjement og som er glade for å dele. Ein av dei er du. Takk!

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.