I Sykkylven er det 4H i Ramstaddal og på Ikornnes. Det er barna som vel kva dei skal utforske og lære i klubben.

Blåklokka 4H i grillhytta på Ånehjellen. Frå venstre: Marian Olsen Melseth, Iver S. Pettersen, Ida Bjørnevik, Embla Klokk Brunstad, Daniel S. Pettersen, Julie Ramstad, Mathias Olsen Melseth, Fredrik Bjørnevik og Siv Riksheim.
Åtte gode venner i Blåklokka 4H er samla på Ånehjellen, ti minuttar å gå frå kaia i Ramstaddal.
- Her det mykje leik og moro, fortel klubbrådgjevar Siv Riksheim.
- Men vi har også mange oppgåver. Graset skal klippast og skogen haldast nedåt, forklarer ho.
Aller finast er det om vinteren når det er mørkt og litt snø.
- Då går vi opp med lommelykter og koser oss inne med bål og litt mat, seier Siv.
Hunden Oskar
Sidan januar har dei ti 4H-medlemmane arbeidd med kvar sine sjølvvalde prosjekt.
Denne dagen er det Marian Olsen Melseth sin tur til å presentere.
Marian er godt førebudd:
- Eg har eit prosjekt om hunden min Oskar som er ein Border Collie.
Dei andre høyrer nøye etter.
- Eg er godt i gang med prosjektet takka vere Oskar som vil vere modell. Oskar kan mange triks. Han kan spele død og rulle rundt, smiler Marian og viser film av hunden som gir labb og stryk henne på kinnet.
Ho har laga plan og budsjett, lese og skrive om prosjektet. No er det berre utstillinga som står att.
Utstilling
Under den årlege haustfesten vil barna vise fram prosjektarbeida. Alle har tema knytt til natur, hus og heim, samfunn og kultur. Det kan for eksempel handle om foto, handarbeid, grønsaker, blomar, aviser eller baking.
I tråd med 4H sitt motto, ”å lære ved å gjere”, er barna aktive i planlegging og gjennomføring av utstillinga.
Siv fortel at haustfesten er eit høgdepunkt.
- Vi har program, mat og loddsal. Det viktigaste er at arbeida blir vurderte og at det er utdeling av merke.
Eit merke blir utdelt ved godkjent prosjekt og oppmøte på meir enn 50 prosent. Etter sju år er det tildeling av 4H-plaketten.

4H-løftet kan barna på rams: ”Vi lover å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse”. (Foto: Hanne Suorza)
Engasjert
Siv har vore engasjert i 4H sidan barna hennar var med i klubben for sju år sidan. Ho liker å vere ute i naturen og trivst med oppgåva:
- Eg synest det er viktig at barna har aktivitetar nærmiljøet. 4H er sosialt og barna blir flinke til å lage ulike ting for andre, seier Siv Riksheim til brabygd.no
Lyst til å bli med?
Alle barn i Sykkylven frå åtte år velkomne i 4H. Nye medlemmar byrjar etter nyttår.
Ta kontakt med Siv Riksheim i Blåklokka 4H: tlf 952 82 589, eller Mette Brunstad i Straumen 4H: tlf 402 43 833
Les og lær meir om 4H her.