I Sykkylven er det song for barn i alle aldrar. – Song skaper glede og felleskap. Det håper vi at alle skal få kjenne. Kom og prøv! Vi har plass, oppfordrar Ingrid Fredly.

Denne måndagen var det elleve mødre og ei bestemor som tok turen for babysong i kyrkjekjellaren. Av og til kjem også fedre for å synge med barna. Frå venstre: Lisa Øyen Klokk med Marie, Kari Fauske med Maiken, Birgitte Lote med Matilde, Karolin Spjuth med Max, Elisabeth Haugen med Sonja, Marie Therese Aursnes Andreassen med Ingrid, Astrid Ringdal med Kristian, Marianne Midtgård med Cornelius. Framme frå venstre: Lene Beate Overvoll med Aurora, Daniel Andreassen 3 år. Bak: Renate Skjortnes med Synne og bestemor Kristin Strømme med Lucas. (Foto: Hanne Suorza)
Ingrid Fredly er trusopplæringskoordinator i kyrkja og informerer om tilbodet:
- Babysong: 0-1 år
- Småbarnsong: 1-4 år
- Barnekoret Super: 4-9 år
- Kor Kjekt: 4.-7. klasse
- BlesSing: Frå 8. klasse
- Gospelklubben: For alle barn (I Ikornnes kyrkje)

Barnekora underheldt i Sykkylven kyrkje under musikkfestdagane 14. september. (Foto: Syver Aure Torvik)
BABYSONG
Babysang er for dei aller minste, men eldre søsken kan også vere med.
- Målet er å skape gode relasjonar mellom barn og foreldre. Men også at barna får kjenne på fellesskapet med kvarandre, seier Ingrid og legg til:
- Dette er ein flott møteplass for dei som er heime på dagtid. Alle er velkomne til å vere med!
Internasjonalt
Brabygd.no møter 11 mødre i kyrkjekjellaren.
I tre timar er det tid for song, leik, prat og medbrakt lunsj. Store og små sit i ring på golvet. Dei leiker med barnesongar, rim og rytme.
To av mødrene er Kari Fauske frå Canada og Karolin Spjut frå Sverige.
Kari har nyleg flytta til Sykkylven etter å ha budd ni år Trondheim. Det er andre gongen ho har med seg dottera på babysang. Ho synest dei andre mødrene er imøtekomande.
Karolin har budd i bygda i fire og eit halvt år.
- Vi har det veldig kjekt. Som ny i bygda er det fint å bli kjent gjennom borna, seier Karolin, som var med på babysong for første gong for to og eit halvt år sidan.
Trilletur og kafebesøk
At babysong er ein sosialt er også Elisabeth Haugen einig i. Trebarnsmora tok med seg dottera Sonja på babysong då ho var sju dagar gammal. Også dei eldre søskena har hatt glede av fritidaktiviteten.
- Eg har vore her nesten kvar måndag i fem år. Gjennom babysongen har eg møtt jenter på min alder som eg ikkje har sett på lenge. I kyrkja gjer vi nye avtalar om trilleturar og kafebesøk, seier Elisabeth Haugen, og legg til at tilbodet er for alle uansett livssyn.
KOR
For dei eldre barna er det fem ulike kor.
Ingrid Fredly fortel at felleskapet står viktig også her:
- Med korarbeidet ønskjer vi å skape eit godt miljø for born og unge. Vi vil at kyrkja skal vere ein møteplass der barna kjenner seg heime.
Alle kora tar del i gudstenester, og av og til i andre arrangement.
Brabygd skreiv om Kor Kjekt 4. november 2012: Barnemusikal: funk, rap og bossanova
Lyst til å vere med?
Sykkylven kyrkje har ei aktiv nettside. Sjå sykkylven.kyrkja.no for tidspunkt og meir informasjon om babysong og kor. Les meir om babysong på facebook.