I Sykkylven ligg mykje til rette for gode prestasjonar. Her har vi ein flott utandørs stadion og storhallen er ypparleg for friidrett.
- Ja, Sykkylven storhall er ganske unik, seier trenar Thomas Sletvold og leiar i SIL friidrett, Lars Kåre Aurdal.
- I Møre og Romsdal er det berre i Sykkylven og på Tingvoll at storhallane er tilrettelagt for friidrett, fortel dei.
I tillegg til eit godt utandørs tilbod på Ikornnes stadion, er det viktig å kunne trene under tak vinterstid. I storhallen er det hoppegrop og utøvarane kan kaste kule, diskos og bruke bruke piggsko inne.
Les meir om flotte Ikornnes stadion: Friidretten på bana (brabygd.no, 21. mai 2013)

Sykkylven storhall blei offisielt opna i 1982. Sidan då har hallen mellom anna fått nytt golv og hoppegrop. (Foto: Hanne Suorza)
Samarbeid
Sykkylven Idrottslag og Ikornnes Idrettsalg samarbeider godt om friidretten i Sykkylven. Thomas er trenar i begge klubbar.
- Utøvarane er velkomne der dei ønskjer å vere med. Det speler ingen rolle om du har gul eller raud drakt, men for å konkurrere må du vere medlem i eit idrettslag, fortel Lars Kåre Aurdal.

Ikornnes stadion er i bruk heile året så sant det ikkje er snø på bakken. – Då går det ikkje ein dag utan at her er trening på gang, fortel leiar i friidrettsgruppa på Ikornnes, Steinar Grøvik. (Foto: Hanne Suorza)
Kast
Vinterstid blir det trena spenst, styrke og fart i storhallen. Om sommaren går det mest i utandørs teknikktrening på grusbana og Ikornnes stadion.
- Det er ein fordel å vere sterk og å kunne bruke styrken fort, forklarar Thomas, som flytta til Sykkylven frå Orkdal i 1999.
Han er på trening saman med Herman Aurdal. Under det største friidrettsstemnet i Norge, Tyrvinglekene på Nadderud stadion, vann Herman gull og sette ny banerekord i slegge og diskos.
Talentet fatta interesse for friidrett då han tok del i eit skulemeisterskap i 2010. I storhallen møtte han Thomas, og sidan har har dei trena i lag.
Thomas har vore aktiv utøvar i mange år. I 2010 blei han Norgesmester i slegge og vektkast for veteranar. No deler han kunnskap og erfaring med yngre utøvarar.
I følge Lars Kåre, er Thomas ein stor ressurs for friidretten i bygda. Han bidrar til at Sykkylven har eit godt tilbod til dei som vil drive med kast.

Thomas Sletvold på grusbana på Aure. -Friidrett er hobbyen min. Det gir meg overskot. Og så er det kjekt å sjå at dei unge kjem tilbake på trening. Alle er velkomne, seier han. (Foto: Hanne Suorza)
Friidrettskarusell
Ikornnes IL starta våren 2013 opp ein friidrettskarusell. Det er eit tilbod om våren og hausten for born mellom 6 og 13. Alle får prøve lengde, høgde, liten ball, kule og 40- og 60-meter løp. Det er ikkje påmelding – berre å møte opp! Ein dag i veka er det organisert trening.
Les meir om tilbodet: Friidretten på bana (brabygd.no, 21. mai 2013)
Det er planar om å tilby idrettsmerke, og å arrangere konkurransar og treningshelger.
Idrettslaga har behov for fleire trenarar.
Lyst til å vere med?
Ta kontakt med Lars Kåre Aurdal: tlf 909 48 985 eller Steinulf Grøvik: tlf 932 02 830
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER